Skal leie EU-prosjekt for å utvikle framtidas naturfag-undervisning
Naturfaga og kunstfaga er langt nærare i slekt med kvarandre enn folk flest trur, meiner Lydia Schulze Heuling. Ho skal leie eit internasjonalt prosjekt for å forandre korleis naturfaga vil bli undervist i Europa.
Korleis oppdagar vi nytt om verda rundt oss? Korleis veit vi det vi veit?
Dette er spørsmål som Lydia Schulze Heuling, professor ved Institutt for idrett, kosthald og naturfag, verkeleg brenn for. Vi er vane med å tenkje at det er eit skarpt skilje mellom metodane i naturfag og kunstfag: til dømes, at naturfaga handlar om fakta og bur i hovudet, mens kunstfaga handlar om intuisjon og bur i hjartet. Men når vi tek ein nærmare titt, er det slett ikkje tilfellet, meiner Heuling. Dei to måtane å utforske verda på, går ut på mykje av det same.
- Kunnskapsproduksjon i naturfaga handlar mykje om kreativitet. Du ser etter mønster, skapar nye samanhengar. Det er nett det same som kunstnarar gjer, seier Heuling.
Med bakgrunn som både fysikar og performance-kunstnar, veit ho kva ho snakkar om.
Vil opne opp naturfaga for fleire
Gjennom heile sist sommar, jobba ho og forskingsrådgivar Guillaume Lapeyre tett saman for å førebu ein Horisont Europa-søknad til EU. Dette rammeprogrammet er ganske nytt. Dei har fått tilslag på 17,5 millionar kroner til å gjennomføre eit treårig forskingsprosjekt, og prosjektet er nå startet.
Lapeyre har bakgrunn som prosjektoffiser i EU-systemet og har god kunnskap om kva som skal til for å lykkast med forskingssøknader. Heuling kopla på sitt nettverk av kollegaer mellom anna frå Skottland, England, Frankrike og Tyskland. Sjølv bur ho for tida i Flensborg i Tyskland, men flyttar til Bergen med familien til sommaren.
- Å forandre måten naturfaga blir undervist på, er viktig og nødvendig ifølgje Europakommisjonen. Ved å få ei breiare forståing av kva naturfaga faktisk er, vil vi legge grunnlaget for at nye generasjonar kan finne gode løysingar på store samfunnsutfordringar, som digitalisering, det grøne skiftet, likestilling og sosial inkludering, seier Lapeyre.
- Heuling og partnarane hennar har laga eit modig og nyskapande forslag til korleis dette skal skje. Dette kan bli eit viktig skritt mot å gjere naturfaga meir inkluderande.
Akkurat dette er Heuling sjølv også veldig oppteken av. Naturfaga er blant dei minst populære faga, og elevar har ein tendens til å miste interessa og gløden for dei jo høgare opp i skulesystemet dei kjem. Europa manglar arbeidskraft med denne typen kompetanse, difor er det avgjerande å gjere endringar. Særleg er ho oppteken av at kvinner og minoritetar skal kjenne at det finst ein plass for dei innanfor naturvitskapen.
Koreografiar blanda med foredrag i fysikk
- Noko har vore gale med måten vi har undervist naturfaga på. Tendensen er veldig klar. Difor vil vi gjere ein radikal forandring, og bygge kunst og sanseleg tenking inn i dei, seier Heuling.
Som vitskapskvinne har ho ein original bakgrunn. Den inkluderer mellom anna å droppe ut av skulen etter tiande klasse for å jobbe i ein bokhandel, komme tilbake inn i utdanningsløpet igjen og fullføre mastergradar i både fysikk og scenekunst, så jobbe ei tid som performance-kunstnar før ho igjen vende tilbake til akademia. For ei tid laga ho koreografiar kombinert med foredrag i fysikk – ein type scenekunst ho fekk pris for.
- Når eg står på ei scene, fordrar det at eg har ein kroppsleg kunnskap om det eg held på med. Mykje det same trengst i laboratoriet. Når vi gjer eksperiment, er kunnskapen vi skaper noko som blir lagra i kroppen, seier Heuling.
- Kunnskapsutvikling innan naturfag er såleis veldig fysisk og sanseleg, nett som i kunsten – sjølv om naturvitarar i liten grad har anerkjent det. Når du lærer deg å måle bilete, lærer du deg å sjå på ting, og å bli merksam på ein djupare måte. Den same merksemda har eg med meg i laboratoriearbeidet.
Viktig for universitetsambisjonen
Med seg i prosjektet har Heuling eit breitt spekter av samarbeidspartar – akademikarar frå mange ulike land, organisasjonen «Women engaged for our common future» i Georgia, kunstnarar, arkitektar, digitale designarar og Louvre-museet i Paris, mellom anna.
Dei nye didaktiske metodane skal ikkje berre feste rot i skular, men også i mange andre typar institusjonar, er planen. Vitensenteret VilVite i Bergen skal spele ei spesiell rolle. Konsortiet ønsker å nå ut til folk flest med denne nye forståinga av naturfaga, mellom anna gjennom arrangement.
For HVL betyr dette mykje, seier prorektor for forsking, Gro Anita Fonnes Flaten. At søknaden har fått ei så overveldande positiv tilbakemelding og høg skår, gler henne spesielt:
– At vi fekk tilslag på eit slikt prosjekt no, veg tungt for universitetsambisjonen, der akkrediteringa mellom anna kjem an på at vi kan vise til høg internasjonal kvalitet i det vi driv med. Dette tilslaget er eit solid døme på det – og svært oppløftande å sjå at endå eit av våre fagmiljø skaffar EU-finansiering.
Ho meiner at denne erfaringa også viser at EU-prosjekt er midt i blinken for HVL, sidan dei er profesjons- og arbeidslivsretta av natur. Dermed stemmer dei godt med måla for høgskulen som institusjon:
–EU-programma er rigga for å løyse samfunnsutfordringar. Akkurat det er vi gode på. Difor passar slike program så godt for våre forskarar, seier Flaten.
Om SENSE. prosjektet
- SENSE. prosjektet søker å utvikle et “New European Roadmap to STEAM (Science, Technology, Engineering, Arts, Maths) Education”, som adresserer læringskontinuumet fra skole til arbeidsliv.
- SENSE. konsortiet er koordinert av Høgskulen på Vestlandet og inkluderer 17 partnerorganisasjoner fra 14 ulike europeiske lande som skal etablerer 13 ‘STEAM Labs’ over hele Europa.
- Prosjektet ble tildelt finansiering av Horizon Europe og ble lansert i september 2022, og det skal pågå til 2025.