Inviterer til barnekunstfestival i Bergen, Sogndal og på Stord
Det blir teater, dans, kunst og musikk når Høgskulen på Vestlandet og Festspillene arrangerer barnekunstfestival for andre gong. Tilsette og studentar ved HVL står for store delar av Småspill-programmet i Sogndal, Bergen og på Stord 29. mai til 2. juni 2022.
– Festivalen i 2021 var sterkt prega av koronatiltaka. I år tek vi med oss erfaringane frå i fjor samstundes som vi kan presentere eit spennande program som har utvikla seg i fleire nye retningar, seier Oded Ben-Horin, instituttleiar ved Institutt for kunstfag ved Høgskulen på Vestlandet.
Årets Småspill vil finne stad både i Sogndal, Bergen og på Stord. Nokre av programpostane er retta mot inviterte skular og barnehagar, medan andre er opne for alle.
Trykk for å sjå heile Småspill-programmet og kjøp billettar her
Lydskapningar utan koronarestriksjonar
Jon Hoem var med på Småspill i 2021 med installasjonen Auditomosjon: store mjuke lydskapningar med høgtalarar inne i seg. Når publikum bevegde på dei mjuke formene, laga dei ulike lydar og rytmar.
– Målet var å invitere barna til å delta aktivt med å skape ei form for konkret musikk, samstundes som dei kunne utforske lydane som kom ut av lydskapningane. I år kan vi vidareføre prosjektet utan koronarestriksjonar. Det ser eg fram til, fortel Hoem.
I tillegg til Auditomosjon, står Hoem også bak ein flunkande ny lydinstallasjon under årets Småspill, som har fått namnet Aquafoni. Denne gongen i samarbeid med kunst- og handverksstudentane ved grunnskulelærarutdanningane på campus Bergen. Tredjeårsstudentane har fått i oppgåve å filte fargerike ullskulpturar som er bygd rundt lydklokker. Inspirasjonen henta frå livet på havbotnen.
Vil vidareføre prosjektet til skulen
– Eit viktig kriterium har vore at skulpturane skal vere inviterande for barn. Barna styrer eit samansett lydbilde ved å flytte draumeskapningane mellom ulike basar i rommet, seier høgskulelektor Marie Skreden, som rettleier studentane i utforminga. Ho har sjølv utforska filting i si eiga masteroppgåve.
Hoem og Skreden er spent på korleis barna vil reagere på Aquafoni, og håpar at delar av det tverrfaglege prosjektet også kan vidareførast gjennom ulike undervisningsopplegg i skulen. Johannes Ringheim frå Medielab er ansvarleg for dei mest tekniske sidene av både Auditomosjon og Aquafoni.
Mindfulness + kunstfag = sant
Også ved fagmiljøet på campus Stord blir draumar eit tema under Småspill. Med Jonas Selås Olsen i spissen, skal tilsette ved HVL framføre ein improvisert kunstperformance som består av dans, drama, musikk og film.
– Vi prøvde ut opplegget med barn og studentar før jul. Det var fascinerande å sjå kor nysgjerrige dei var og korleis dei brukte heile seg i sanserommet, seier Selås Olsen.
Høgskulelektoren fortel at dette er ein del av det internasjonale Erasmus+-prosjektet Arts and Mindfulness in Education (AMiE). Målet med prosjektet er å gi europeiske lærarar inspirerande og støttande verktøy til introduksjon av mindfulness gjennom kunstfag og estetiske læreprosessar i barnehage og grunnskuleopplæringa.
I tillegg til kunstperformance blir det også danseteater frå faglærarar på campus Stord. Magdalena F. Delis og Anne-Beate U. Lilletvedt framfører Sommerfuglen & Larven, ei førestilling full av musikk, dans og fine stunder. Det handlar om uventa vennskap, om å bygge sjølvtillit og å våge å vere seg sjølv uansett kva andre måtte meine.
Når Sommerfuglen og Larven blir vist på campus Bergen kjem studentar frå bachelor i teiknspråk og tolking til å tolke førestillinga for inviterte høyrslehemma barn.
Musikk, dans og leik i barnehagen
2. juni er Småspill-dagen i Sogndal. Lydskapningane i Auditomosjon er tilgjengelege for alle nysgjerrige, og i tillegg blir det ei bildebokoppslagutstilling i regi av barnehagelærarstudentane på campus.
– Denne dagen skal også barnehagelærarstudentane ha praktisk eksamen i emnet Kunst, kultur og kreativitet der dei skal lage og gjennomføre hendingar med estetiske opplevingar for inviterte barnehagebarn, seier Lena Skjerdal.
Skjerdal påpeiker at kunst, kultur og kreativitet er ein sentral del av barnehagelærarutdanninga og av livet i barnehagen.
– Når studentane kjem ut i arbeidslivet, skal dei ha ansvar for at alle barn i ulike aldersgrupper utviklar uttrykksrepertoar gjennom allsidige sanseopplevingar, leik, eksperimentering, refleksjon og kommunikasjon.
Viktig og inspirerande samarbeid mellom Festspillene og HVL
Tonje E. Peersen er programsjef i Festspillene. Ho set stor pris på samarbeidet med Høgskulen på Vestlandet.
– Kunst og kultur er kraftige verktøy med ein sentral plass i små menneske sine liv som vi bør bruke kvar moglegheit til å styrke. Gjennom Småspill og samarbeidet med HVL kan Festspillene nå fleire unge publikummarar, også på Stord og i Sogndal, samtidig som vi får ei moglegheit til å jobbe saman med studentar og stab på ein av Vestlandet sine største utdanningsinstitusjonar. Det betyr nye faglege moglegheiter for oss, og større kreativt spelerom for oss alle saman, seier ho.
Programsjefen påpeikar at første runde med Småspill i 2021 gav mange lærerike erfaringar som ein no byggjer vidare på.
– Vi ønsker at kunst blir ein større og viktigare del av utdanningsløpet for både pedagogar og elevar i grunnskulen. Dette er difor eit viktig og inspirerande samarbeid, som vi håpar kan påverke læreplanar og pensum i framtida. HVL viser i alt dei gjer at samarbeidet med Festspillene i Bergen er viktig for dei, og vi håpar kjensla er gjensidig.
Instituttleiar Oded-Ben Horin stadfestar dette.
– Småspill er ei viktig satsing for oss på mange plan. Det fører til eit godt samspel med kunst- og kulturlivet på Vestlandet, samtidig som det bidreg til at skular og barnehagar blir kjend med Høgskulen på Vestlandet på ein spennande måte. I tillegg er festivalen ein arena som er med på å styrke arbeidslivsrelevansen for våre studentar, seier Ben-Horin.