Studentane er mindre nøgde enn før, og det overraskar

Pandemi innskrenkar ikkje lenger studiekvardagen. Men Studiebarometeret viser at studentar både ved HVL og nasjonalt i fjor var mindre nøgde enn i åra før.  

– Vi hadde forventa at vi skulle ha eit sterkare resultat, no som pandemirestriksjonane er over. Vi tek resultata på alvor og vil sikre oss djupnekunnskap frå studieprogramma, både der studentane er minst nøgde og der dei er mest nøgde. I tillegg må vi sjå på kva vi kan gjere på overordna nivå med systema våre, seier prorektor for utdanning Anne-Grethe Naustdal om tala frå Studiebarometeret.

Studiebarometeret er ei nasjonal undersøking som frå 2014 har vore sendt til studentar ved norske universitet og høgskular. NOKUT er ansvarleg for å gjennomføre undersøkinga på vegner av Kunnskapsdepartementet. Kvart år blir den sendt ut til alle studentar på andre og femte studieår. Ved HVL var svarprosenten i denne runden 48, noko som er over det nasjonale gjennomsnittet på 39 prosent.

Du finn resultata frå Studiebarometeret her

Same trend nasjonalt

For 2022 er resultatet 0,2 poeng ned frå året før, det er òg ein nedgang samanlikna med åra før pandemien. På spørsmålet om studentane på Høgskulen på Vestlandet alt i alt er nøgde med studieprogrammet dei går på, kjem det overordna resultatet for 2022 på 3,6 ut av 5 poeng som er toppskår. Nedgangen følgjer ein nasjonal trend. HVL ligg noko under det nasjonale gjennomsnittet.

Naustdal skulle ønskt at studentane heller låg i øvre sjikt av «alt i alt nøgd». HVL har som mål å minst ligge på eit snitt på 4,1. Samtidig understrekar ho at Studiebarometeret berre er ei av mange ulike undersøkingar. HVL ser resultata frå ulike undersøkingar i samanheng for å få tak i kva enkeltfaktorar i studentopplevinga som påverkar den overordna tilfredsheita med studieprogrammet. Dette gjer det mogleg  å setje i verk treffsikre tiltak.

– I tillegg er det viktig å merke seg at talmaterialet syner variasjonar mellom ulike utdanningar og inneheld mange nyansar, seier Naustdal.

Det psykososiale læringsmiljøet får til dømes betre skår enn i fjor, og det same gjeld for punktet «organisering». Dette går på logistikk kring studiet, noko HVL har jobba særskilt med å forbetre. Punktet «eige engasjement» går ned, noko prorektoren synst er tankevekkande.

- Vi må trenast opp igjen til å vere sosiale

– Når pandemirestriksjonane var over hadde vi venta sterkare resultat, seier Naustdal. 

– Eg trur vi lever med eit etterslep av korona. Kanskje har vi eit stykke å gå i forhold til å finne den gode balansen mellom digitalt og fysisk tilbod. Studentar strevar med at andre medstudentar ikkje kjem på undervisninga. Då blir det faglege fellesskapet dårlegare – gløden og fellesskapet blir borte. 

Gjennom pandemien blei høgskuletilsette vane med å tilby undervisning på Zoom. Mens det digitale er eit godt verktøy i studia, gjeld det også å bruke det klokt, reflekterer prorektoren. Tilbod om å følgje undervisning digitalt kan føre til at dei fysiske undervisningsmiljøa blir utarma.

– Vi menneske er sosiale vesen. Men det ser ut til at vi må trene oss opp igjen på det, etter å ha levd gjennom ein pandemi. 

Bilde: Astrid, Maria og Rasmus i kantina på campus Sogndal håpar studentengasjementet vil vokse seg større framover.

Astrid, Maria og Rasmus i kantina på campus Sogndal håper studentengasjementet vil vokse seg større framover.

Ho får støtte frå studentar frå Geologi og geofare på campus Sogndal, som opplever at det å få opp engasjementet og vinne tilbake det gode studentmiljøet har vore tyngre enn forventa:  

– Sjølv om korona og nedstenging er over, trur eg at alle kjenner på eit etterslep. Det er vanskelegare å mobilisere og komme seg ut. Vi har lagt oss til nokre dårlege vanar og er liksom ikkje tilbake der vi var før koronapandemien, seier Rasmus Strømberg.  

– Tryggheit og kjensla av å høyre til er det aller viktigaste for meg. Viss det er på plass, er det lett for meg å trivast på eit studium, seier Oskar Brattetaule.

Å føle seg sett og høyrt

Kva er det som skal til for å sikre at ein trivst og får godt utbytte av studiet?

Oskar Brattetaule, førsteårs sjukepleiarstudent på campus Førde har mange tankar kring dette.

– Tryggheit og kjensla av å høyre til er det aller viktigaste for meg. Viss det er på plass, er det lett for meg å trivast på eit studium, seier han.

Når sjukepleiarstudent Oskar Brattetaule nemner tryggheit og kjensla av å høyre til, handlar det om mange ting på ein gong for han: å ha ein finger med i spelet, kjenne han har sjansen til å påverke kvardagen sin. Å føle seg høyrt. Og å føle at han får noko til, reint fagleg. 

– Overgangen frå vidaregåande skule til høgare utdanning er hard for mange. Eg synst at førsteårsstudentar godt kunne fått meir hjelp til å få ein mjukare overgang der, seier han. 

Han vil at høgskulen skal hjelpe nye studentar meir med å forstå heilskapen i studieplassen – vite korleis bruke læringsplattformer som Canvas, korleis navigere i alle systema og kven du kan kontakte om du treng det. Då vil det vere mykje lettare å lykkast med studia frå starten, noko som er avgjerande for trivselen. 

– Det handlar om å få den positive feelingen. Då vil folk prestere betre. Viss du kjenner på at «dette klarar eg», blir du litt gira! seier han. 

Engasjement gjer heile forskjellen

Sjukepleiarstudenten Brattetaule har sett fleire studentar som strevde med å venne seg til studielivet. Hans råd til alle studentar for å ha det bra er eintydig: Engasjer deg! I studentpolitikk, tillitsverv, studentaktivitetar, noko du startar sjølv. Kva som helst – det treng ikkje vere seriøst, berre det er noko som får deg ut blant folk. 

– Då eg tidlegare gjekk på universitetsstudium, var det koronatid og lite sjanse til engasjement. Men no er eg både Studentambassadør og fotballtrenar for studentlaget, og det gjer heile forskjellen, seier han. 

– Under pandemien blei eg sittande mykje på rommet mitt. Mens no når eg har komme hit, har eg fått ansvar og blitt med på ting. Eg har det mykje betre enn då eg bala på i rommet mitt.

Kontakt med underviser: avgjerande 

– For meg er dessutan kontakten med undervisaren svært viktig. Dette har HVL vore veldig god på. Å kjenne eg kan stille spørsmål i timen, og å føle den tilknytinga, skapar ei grunnleggande tryggheit for meg.

I kantina på campus Sogndal er dei tre studentar ved Geologi og geofare einige i at tett og god kontakt med undervisarar er viktig.  

– Eg har hatt mange gode samtalar med mine undervisarar, og eg opplever at dei er villige til å hjelpe meg om det er ting eg lurar på, fortel Rasmus Strømberg.

Han får støtte frå sine medstudentar, som også trekk fram at det er positivt at dei kjenner seg trygge på at utdanninga dei går på forbereder dei på arbeidslivet. Dei fortel at undervisarane ofte tipsar om ledige stillingar og hjelper studentane å sjå føre seg kva slags stillingar dei vil gå inn i når studietida er over. 

Prorektor for utdanning Anne-Grethe Naustdal kjenner seg godt igjen i studentanes vurdering av kva som gjer eit studium bra.

– Våre samla analysar speglar det studentane våre trekk fram. Engasjerande undervising, fagleg samanheng mellom emna i studieprogramma og forholdet mellom studentar og tilsette ved studieprogrammet påverkar i kor stor grad studentane er nøgde med studieprogrammet dei går på. Dette har fokus  i arbeidet for å sikre gode kvalitet på alle våre studieprogram. Våre tilsette strekker seg langt for å få dette til, seier Naustdal.  

Ingrid Solberg og Synne Seim Helleland er opptatt av at studentane blir høyrt.

- Utan studentane er HVL ingenting 

For studentane som har engasjert seg i studentpolitikken og som dagleg jobbar for å betre studiemiljøet ved HVL, er det viktig å sikre at undersøkingar som Studiebarometeret fører til handling.

– I arbeidet framover blir det viktig å sjå nærmare på dei studieprogramma som slit med låge tal og invitere studentane til å fortelje oss kva som er problemet og kva som er løysingane, seier Synne Seim Helleland, fag- og forskingspolitisk ansvarleg i Studenttinget.

Ho veit at dette nyttar og trekk fram både sjukepleierutdanninga på Stord og Barnehagelærarutdanninga som eit eksempel.

-Etter dårlege tal ved siste undersøking, har faglærarar og fagmiljøet gått i dialog med studentane om kva som må bli betre, no ser vi at tala peiker oppover ved begge desse studieprogramma.

Ho får støtte frå Ingrid Solberg, som mellom anna leiar av Læringsmiljøutvalet i HVL, utvalet som kvalitetssikrar og følgjer opp saker som omhandlar læringsmiljø. Ho er klar på at tala ikkje er gode nok, men ser likevel positivt på framtida. 

– Som representantar for studentane ved HVL opplever vi at vi at våre meiningar og forslag blir lytta til i alle ledd av organisasjonen og at våre innspel blir tatt på alvor. Det er viktig at studentane får sjå at slike undersøkingar ikkje berre leier til fleire undersøkingar, men til konkrete tiltak som betrar studiekvardagen. Utan studentane er HVL ingenting.