Styret ønskjer å satse i Haugesund
Saka om byggjeprosjektet ved campus Haugesund, fekk brei støtte i dagens styremøte. Styret vedtok likevel å avvente beslutning til eit ekstramøte 13. mai der ein skal få større innsikt i dei økonomiske konsekvensane.
– Dette prosjektet er av stor betydning for campus Haugesund og for vidareutviklinga av HVL. Bygget vil fylle eit viktig behov for moderne og funksjonelle lokale som er tilpassa dagens undervisning og forsking, seier styreleiar Arvid Hallén.
Etter planen skal nybygget på Høgskulen på Vestlandet i Haugesund vere mellom 4000 og 4200 kvadratmeter i tillegg til ombygging av om lag 1000 kvadratmeter eksisterande areal. Her er det planlagt eit maritimt simuleringssenter, ein simuleringsarena for helsefag, eit auditorium, seminarrom, gruppe- og studieplassar, samt arbeidsplassar for tilsette.
Samle campus i eitt bygg
I styrepapira er det mellom anna lagt vekt på at nybygget vil gjere det mogleg å avvikle eksterne leigeforhold av arbeidsplassar i mindre egna lokale.
Ei samlokalisering av tilsette på campus vil difor vere særs viktig for kontakt tilsette imellom og mellom tilsette og studentar. I prosjektet vil også ombygging av eksisterande bygg gjere at studentar og studentorganisasjonar får større område til sosiale aktivitetar.
Direktør for økonomi og arealforvaltning, Helge Skugstad presenterte status for nybygg Haugesund saman med prosjektleiar Knut Erik Kismul. Foto: Svein Ove Eikenes
Ønskjer utgreiing av økonomiske konsekvensar
Nybyggprosjektet i Haugesund blei omtalt som eit godt prosjekt av alle styremedlemmer, men nokre av styremedlemmene uttrykte ønskje om ei betre utgreiing av dei økonomiske konsekvensane for HVL.
– Styret vil få tilsendt eit notat som utdjupar korleis HVL skal handtere den auka husleiga som prosjektet vil innebere, og også noko om kva potensiale som ligg i inntekt. 13. mai blir det eit ekstramøte for å ta ei avgjerd i saka, seier Hallén.
Dersom prosjektet blir vedtatt i styret 13. mai, skal det opp i Regjeringskonferansen 15. juni 2024.
Rektor Gunnar Yttri og HVL-styret saman med tilsette ved barnehagelærarutdanninga ved HVL, campus Stord. Foto: Svein Ove Eikenes
Stort engasjement frå barnehagelærarutdanninga på Stord
Under dagens styremøte fekk styret også ein fin presentasjon frå dei tilsette ved barnehagelærarutdanninga ved HVL, campus Stord.
Her blei det vist gjennom både ord og bilete korleis barnehagelærarstudentane lærer, leikar, skapar og blir rusta til livet som gode barnehagelærarar.
Maritha Berger Nylund, Ingrid A. R. Grønsdal, Kirsti Aksnes, Marit Frimannslund og Hannah Belsvik Hansen fortalte med stort engasjement om korleis dei jobbar kunnskaps- og erfaringsbasert for å sikre eit trygt læringsmiljø og tett tverrfagleg samarbeid.
Søkartal og budsjettfordelingsmodell
I dagens styremøte stod deltaking og innspel til etatsstyringsmøtet i 2024, og satsingsforslag for statsbudsjettet for 2026 på sakskartet. I tillegg var det orienteringssaker om søkartala for 2024 og intern budsjettfordelingsmodell. I styremøtet var det også tid for styret sitt årlege møte med dei tillitsvalte.
Lenker til alle dokumenta i dagens styremøte finn du her.