Varslar behov for fleire økonomiske tiltak
Høgskulen på Vestlandet har i 2024 sett i verk fleire tiltak for å betre den økonomiske situasjonen. Tiltaka har hatt effekt, men prognosane styret fekk presentert i dag, viser at det er behov for fleire økonomiske tiltak i åra framover.
I likskap med resten av universitets- og høgskulesektoren, står HVL i ein krevjande budsjettsituasjon. I dagens styremøte i Sogndal fekk styret presentert økonomistatus og inntektsprognoser for 2024 og åra som står føre.
70 færre årsverk så langt i år
Som det kjem fram av styrepapira, har HVL mellom anna prøvd å få kontroll over utgiftene med tilsettingsstopp i administrasjon, streng vurdering av tilsetting i vitskaplege stillingar og god og stram drift. I tillegg har ein redusert bruken av timelærarar og valt å ikkje forlenge engasjement og midlertidige stillingar.
Desse tiltaka har hatt effekt. I perioden 1. oktober 2023 til 1. august 2024 er det ved HVL totalt redusert 70,4 årsverk.
Men tala viser også at dei iverksette tiltaka ikkje er tilstrekkeleg for å redusere lønnskostnader i stor nok grad.
I dagens styremøte blei styret orientert om at alternative verkemiddel for å redusere tal tilsette vert utgreia; bruk av sluttvederlag og/eller oppseiing frå arbeidsgjevar (nedbemanning). Det HVL no arbeider med er å førebu ein metodikk for slike tiltak i tilfelle det vert naudsynt.
Vil arbeide saman med hovudtillitsvalde
– Vi vil frametter arbeide saman med dei hovudtillitsvalde om utarbeiding av rammer for og vilkår for å kunne ta i bruke slike verkemiddel. Dette for å førebu oss på at det kan vere verkemiddel vi lyt ta i bruk seinare dersom det blir behov for det, seier rektor Gunnar Yttri.
– Etter 2. tertialrapportering og fram mot vedtak av budsjett 2025 vil vi vite meir om det vil vera aktuelle tiltak å iverksette. Som styret påpeikte er det viktig å få fram tydeleg og grundig informasjon, i tillegg til høg merksemd på dei tiltaka som alt er i gang, seier styreleiar Arvid Hallén.
3900 nye studentar
I dagens styremøte stod også studentopptaket for 2024 på agendaen. Hovudpunkta viser at:
- I overkant av 3900 studentar har møtt til årsstudium, bachelor og integrert master ved Høgskulen på Vestlandet. Det er 495 fleire samanlikna med i 2023.
- HVL har fått 184 ekstra studentar til grunnskulelærarutdanningane og 205 ekstra til bachelorutdanninga i sjukepleie via det lokale opptaket.
Styret handsama også framlegg til ny rammefordelingsmodell i HVL. Styret ga klarsignal til grunntrekka i modellen, men ønskte ei utdjuping av nokre tilhøve, mellom anna resultatkomponent knytt til forsking.
Styret fekk også ein grundig presentasjon av Vestlandsforsking, frå administrerande direktør Anne Karin Hamre.
I sin presentasjon la Hamre mellom anna vekt på samarbeidet mellom HVL og Vestlandsforsking gjennom Teknoløft Sogn og Fjordane.