"The Political Economy of Care"

Torsdag 1. februar inviterer Senter for omsorgsforskning vest til lansering av boka "The Political Economy of Care : Welfare state capitalism, universalism, and social reproduction". Professor Anette Fagertun ved senteret er ein av redaktørane av boka.

Langtids helse- og omsorgstenester i kommunal regi representerer ein interessant illustrasjon av ei særskilt type forplikting frå velferdsstaten si side, i hovudsak fordi slike tenester ofte involverer meir bindande former for resiprositet enn dei fleste andre offentlege tenester.

Boka The Political Economy of Care : Welfare state capitalism, universalism, and social reproduction utforskar implikasjonar av denne realiteten med mål om å bidra til ei djupare innsikt i velferdsstaten som eit ‘framveksande fenomen’ – og i det me kallar for «velferdsstats-eksperimentet».

Redaktørane Anette Fagertun (HVL), Halvard Vike (USN), og Heidi Haukelien (USN) fortel om bokprosjektet med utgangpunkt i eigne kapittel. Vi får òg smakebitar av kapitlane frå forfattarane som tilhøyrer Høgskulen på Vestlandet og senteret: Frode F. JacobsenRoar Hansen og Oddvar Førland. Det vert dialogbasert med vekt på kommentarar og spørsmål frå publikum.

Sjå tid og stad for boklanseringa her