HVL får UTFORSK-midlar til utdanningssamarbeid om ulikskap, helse, entreprenørskap og fornybar energi
14 norske universitet og høgskular får nær 150 millionar kroner til utdanningssamarbeid med partnarar. HVL er på topplista med fem UTFORSK-tildelingar.
– Dette er eit viktig steg i arbeidet for å styrke internasjonalt kunnskapssamarbeid utanfor Europa.
Det seier Christine Øye, prodekan for forsking ved Høgskulen på Vestlandet.
Ho meiner at prosjekta er svært relevante, og ser fram til å sjå korleis dei vil bidra til å forbetre undervisninga og samtidig løyse ulike samfunnsutfordringar gjennom samarbeidet.
– Eg er imponert over tilsette som har fått tilslag på desse midlane, seier ho.
Brasil, India, Sør-Afrika og USA
Regjeringa har som mål å etablere og styrke utdanningssamarbeidet med nokre utvalde land utanfor Europa. Totalt 50 prosjekt får stønad gjennom UTFORSK-programmet i år.
Fem av desse går til Høgskulen på Vestlandet og omhandlar samarbeid med Brasil, India, Sør-Afrika og USA. Prosjekta er fireårige og får tre millionar kvar.
Konsekvensar av klimaendringar for marginaliserte grupper
Det første prosjektet som har fått støtte heiter Climate and Health: Interprofessional Learning, Innovation, and Collaboration og er leia av førsteamanuensis Djenana Jalovcic.
– Vårt team frå HVL og TVEPS er glade for å få denne moglegheita til å samarbeide med kollegaer frå University of New England frå USA og University of Vale do Itajaí frå Brasil, seier Jalovcic.
Ho påpeikar at målet med prosjektet er å møte dei stadig meir komplekse globale helseutfordringane som er forårsaka av klimaendringar. Godt utdanna arbeidskraft innan helse- og sosialtenester er ein viktig brikke i dette.
– Gjennom prosjektet skal studentar og lærarar frå tre institusjonar møtast på tvers av nasjonale, profesjonelle og institusjonelle grenser. Saman skal vi lære meir om korleis klimaendringane påverkar helsa til marginaliserte grupper som eldre, personar med funksjonsnedsettingar og flyktningar.
Entrenørskap i Noreg og Sør-Afrika
Det andre prosjektet som har fått støtte heiter Co-creating sustainable entrepreneurial university ecosystems in the Global North and Global South og er leia av dosent Kari Voldsund.
– Eg ser på denne tildelinga som ei unik moglegheit for oss ved HVL til å ta ei leiande rolle i utviklinga av berekraftige entreprenøskapskulturar både i Noreg og Sør-Afrika. Gjennom dette prosjektet vil vi leggje til rette for at våre studentar og tilsette kan delta i studentutvekslingar, felles hackathons, samanliknande forsking, praksisplassar og samarbeid med regionale entreprenørskapsnettverk, seier Voldsund.
Prosjektet er eit samarbeid mellom Høgskulen på Vestlandet (HVL) og University of Cape Town (UCT), saman med fleire viktige regionale og internasjonale partnarar.
– Eg er glad for at vi kan gi studentane våre verdifulle erfaringar, kunnskap og nettverk som kan bidra til å forme framtidas berekraftige løysningar. For meg er det viktig at dette prosjektet ikkje berre handlar om samarbeid mellom institusjonar, men også om å bygge bruer mellom kulturar og kontinent, og skape moglegheiter for at våre deltakarar kan vekse, lære og bidra på ein meiningsfull måte.
Auka samarbeid med India om hydrogensatsinga
Det tredje prosjektet heiter Higher Education and Research Collaboration on Hydrogen and Enabling Technologies og er leia av professor Dhayalan Velauthapillai.
Både Norge og India ser på hydrogen som ein viktig energiberar for å bli karbonfrie nasjonar innan 2050 og 2070. Ambisjonane inkluderer å byggje opp ein sterk hydrogen-industri gjennom kapasitetsbygging innan høgare utdanning og forsking.
Dhayalan Velauthapillai har allereie eit tett samarbeid om fornybar energi med aktørar i India, og dette prosjektet vil bygge på dei etablerte banda, særleg med Coimbatore Institute of Technology.
– Dette prosjektet vil forsterke HVL sitt høgare utdannings- og forskingssamarbeid med leiande indiske universitet og industri innan rein energi teknologiar spesielt innan hydrogen, seier han.
Å bygge ein kultur for internasjonalisering
Det fjerde prosjektet er også eit samarbeid med India. Det har fått namnet Social Work Education for a Global World: Innovating for Transformative Change og er leia av førstelektor Hege Aarlie.
Prosjektet har som mål å styrke samarbeidet mellom Høgskulen på Vestlandet (HVL), Tata Institute of Social Sciences (TISS) i India, og University of Western Cape (UWC) i Sør-Afrika for å forbetre utdanning og møte utfordringar som fattigdom og diskriminering. Det er Tata som er hovudsamarbeidspartnar i prosjektet.
– Denne tildelinga vil ha stor betydning for Institutt for velferd og deltaking og HVL. Prosjektmidlane vil kunne styrke den pågåande prosessen vi er inne med å bygge ein kultur for internasjonalisering blant tilsette og studentar, seier Aarlie.
Prosjektet vil gi fleire moglegheiter for utveksling av studentar og tilsette, utvikling av felles engelske emne på masternivå og COIL på både bachelor- og masternivå, samt forskingssamarbeid.
– Til saman meiner vi prosjektet vil vere med på auka kvalitet i utdanningane våre og bidra til å integrere tverrkulturelle og kritiske perspektiv i utdanningane.
Mangel på helsepersonell i Noreg og USA
Det femte prosjektet har fått namnet Building Health Workforce Capacity & Global Competencies: An International Educational Collaboration og er leia av stipendiat Elisabeth Hemnes Aanensen.
Prosjektet er eit samarbeid mellom Institutt for helse- og omsorgsvitskap ved HVL og School of Nursing, ved University of North Carolina, Chapel Hill (UNC).
Prosjektet fokuserer på å løyse mangelen på helsepersonell, spesielt sjukepleiarar, og førebu dei på framtidige utfordringar.
– Ved bachelor i sjukepleie har vi allereie samarbeida med UNC i to år i samband med virtuell utveksling/COIL. Prosjektet opnar dørene for mange nye moglegheiter både når det gjeld gjensidig utveksling av tilsette og studentar (på både bachelor- master-, og ph.d.-nivå), felles emneutvikling og forskingssamarbeid, seier ho.