Utviklar det første doktorgradsprogrammet innan musikkpedagogikk i det austlege Afrika
Gjennom musikkfaget skal David Gabriel Hebert jobbe med å styrke lærarutdanninga i Uganda, eit land med store utfordringar innan skulevesenet.
- Ekstrem sosial ulikskap, etniske spenningar, ulikskap mellom kjønna – dette er nokre av dei grunnleggande samfunnsforholda som har ført til at Uganda har eit svakt utdanningssystem. Difor har dette blitt ein høg prioritet innan Noregs utviklingspolitiske satsingar, fortel Herbert.
No i vår var han ein av fleire som fekk midlar frå NORHED-programmet til NORAD, som delte ut 1,1 milliardar kroner til høgare utdanning og forsking innan utvikling. Herbert er med på forskingsprosjektet CABUTE leia av Steinar Sætre ved Griegakademiet på UiB. Hovudformålet med prosjektet er å styrke lærarutdanninga i Uganda.
Startar i juni
Prosjektet kjem til å strekkje seg over seks år og omfattar fire ulike fagretningar: engelsk, generell pedagogikk, matematikk og musikk. HVL har fått ansvaret for den delen av prosjektet som handlar om musikk. Dei norske institusjonane skal samarbeide med tre ulike universitet i Uganda: Makerere University, Kyambogo University og UNITE – The Uganda National Institute of Teacher Education.
- Våre kollegaer i Uganda står overfor store utfordringar når dei jobbar med å heve lærarutdanninga. Det viser seg at 80 prosent av lærarar i grunnskulen ikkje greier å løyse grunnleggande matematiske problem, og berre 22 prosent av andreårs-elevar i skulane kunne forstå tal, fortel Hebert.
Den demografiske utviklinga i landet har i tillegg ført til at det langt ifrå er nok lærarar. Dermed er oppgåva med å styrke skulesystemet formidabel.
Utdanningsinstitusjonar som aktørar innan utvikling
Hebert har sjølv tidlegare vurdert doktorgradar ved andre Phd-program i afrikanske land, og jobbar for tida med å utvikle eit Phd-program på øya Hainan i Kina. Han brenn for å løfte utdanning i område der det verkeleg trengst. Han har skrive sju bøker mens han jobba ved HVL, den siste om undervisning av verdsmusikk i høgare utdanning.
- Eg ser på Aust-Afrika som ein svært viktig region frå eit musikkfagleg perspektiv. Det blir viktig å hjelpe til med å ta vare på kulturarven derifrå og gjere den berekraftig, meiner Hebert.
NORHED-programmet er basert på ein tankegang om partnarskap på tvers av landegrenser, med formålet å fremme høgare kvalitet på utdanningsinstitusjonar i sørlege land, få høgare kvalitet på kandidatane, meir forsking, og eit meir inkluderande system for høgare utdanning.
- Å styrke kapasiteten til høgare utdanningsinstitusjonar er viktig med tanke på å styrke rolla deira som samfunnsaktørar innan utvikling, seier NORAD-direktør Bård Vegar Solhjell.