Vil arbeide fram eit kunnskapsgrunnlag for ein mogleg ny fakultetsstruktur

HVL-styret ga i dag klarsignal om å få greidd ut om ein integrasjon av Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap (FØS) og Fakultet for ingeniør- og naturvitskap (FIN) kan styrke den faglege og økonomiske berekrafta for fagmiljø og administrasjon i dei to fakulteta.

HVL sitt første ordinære styremøte i 2023 hadde fleire saker til handsaming. Status for universitetsprosjektet, internrevisjon av toårige masterprogram, endring av forskrift om studium og eksamen og orientering om lokale lønsforhandlingar var nokre av sakene på det digitale møtet.

Omstilling og tilpasning

Størst merksemd og mest tid brukte styret på å handsama saka om oppfølging av budsjett for 2023. Saka var lagt opp som ei orienteringssak kor rektor peikte på behovet for omstilling og tilpassing av drifta i høgskulen til venta lågare inntektsrammer for 2024-2026.

Fire aktuelle tiltaksområde var særskilt løfta fram og desse var knytt til eksterne inntekter, strategisk styring av studieportefølje, støttefunksjonar og fagleg organisering/fakultetsstruktur.

Ulike meiningar

Dei tre første tiltaka var styret i stor grad einige om, men når det gjaldt å få greidd ut om ein integrasjon av Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap (FØS) og Fakultet for ingeniør- og naturvitskap (FIN) kan styrke den faglege og økonomiske berekrafta for fagmiljø og administrasjon i dei to fakulteta, var det ulike meiningar i styret.

Rektor Gunnar Yttri var tydeleg om at ein rimeleg raskt treng å vurdere om HVL har ein tenleg fagleg organisering for å møte det samla utfordringsbilde som blir teikna for sektoren framover.

Fagleg fellesskap

Han peikte på at FIN og FØS har eit fagleg interessefellesskap innan teknologi, berekraft, økonomi og samfunn. Desse fakulteta har og høg relevans for nærings-, arbeids- og samfunnsliv, og har ei sterkare innretting mot kompetansebehov i ein konkurranseutsett marknad enn Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI) og fakultet for helse og sosialvitskap (FHS).

Omskiftet i næringane gjer det tenleg å vurdere om høgkulen i dag er organisert på måtar som gir grunnlag for god ressursbruk, vitskapleg og administrativt, i møte med denne dynamikken.

Kunnskapsgrunnlag

Utgreiingsarbeidet som blei skissert for styret i dagens møte skal bringe fram eit kunnskapsgrunnlag. Her vil ein vurdere om ei større integrert eining kan sikre og auke kapasitet, handlingsrom og gi synergiar på viktige fag- og samfunnsområde innan forsking, utvikling, innovasjon og utdanning. Dei organisatoriske og økonomiske sidene blir og ein del av vurderinga.

Undervegs i ordskiftet i styremøtet fremma styremedlem for dei vitskaplege tilsette, Tina Åsgård, eit eige forslag til vedtak. Ho refererte til eit tidlegare styrevedtak frå 2020 og føreslo ei tilnærming med å arbeide fram ei samla og heilskapleg evaluering av noverande fakultetsstruktur, slik at eventuelle endringar vert iverksett frå og med neste åremålsperiode for dekanane. Åsgård peikte og på behovet for å bruke meir tid og ho la fram forslag om at styret må sikra gode og ryddige prosesser i omstillingsarbeidet.

Forslaget til Åsgård fekk fire stemmer. Åsgårds si stemme, styremedlem frå dei teknisk/administrative tilsette Kristin Engan-Skei si stemme og stemmene til studentrepresentantane Alexander Papas og Frida Lunde Høisæther.

Dei sju som stemte for rektors framlegg og innstilling i saka med å gå i gong med eit raskt og avgrensa utgreiingsarbeid var: styreleiar Arvid Hallén, eksternt styremedlem Aina Berg, eksternt styremedlem Trond Ueland, eksternt styremedlem Hege Økland, vitskapleg tilsett Joar Sande, vitskapleg tilsett Ragnar Gjengedal og vitskapleg tilsett Kristin Ådnøy Eriksen.

Prosjektgruppe går i gong

– Vi hadde ein open diskusjon kor vi fekk på plass eit vedtak om å setja i gang utgreiingsarbeidet, seier styreleiar Arvid Hallén i HVL.

Han fortel at gangen vidare for utgreiingsarbeidet er at rektor no etablerer ei brei og samansett prosjektgruppe som vil arbeide fram ein rapport som legg grunnlaget for ei vurdering og sak til styremøtet i mars. I dette møtet vil styret vedta om ein går vidare og konkretisere ei løysing om ein integrasjon eller ikkje mellom Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap (FØS) og Fakultet for ingeniør- og naturvitskap (FIN).