Magnus Lagabøte
Magnus Lagabøtes si landslov har 750-årsjubileum i år. Biblioteket ved Høgskulen på Vestlandet har eit samarbeid med Vestland fylkeskommune for å markere jubileumsåret.
Arrangementsoversikt:
Bergen
Magnus Lagabøte si landslov i nytt språk
Tid: 6. september, kl. 14-15. Stad: Biblioteket, Hop stasjon
Jo Rune Ugulen Kristiansen har gjort ei nyomsetjing av Landslova av 1274, frå norrøn tekst til moderne bokmål. Boka er utgiven i Nasjonalbiblioteket si serie Norske middelalderskrifter, som har som mål å gjere middelalderens skriftkultur tilgjengeleg på moderne norsk.
I dette føredraget vil Kristiansen snakke om arbeidet med omsettinga av Landslova av 1274. Korleis har det vore å jobbe med dette? Kva avvegingar har han måtte gjere for å få teksten så god som mogleg? Kva har vore mest interessant, og kva har vore vanskelegast? Han vil òg kome inn på nokre særskilde aspekt ved lova, som gjeld jakt, fiske og naturbruk generelt.
Jo Rune Ugulen Kristiansen er historikar. Til dagleg er han tilsett i Arkivverket, der han i hovudsak arbeider med kjeldematerialet frå mellomalderen.
Landslova 750 år - og kva så?
Tid: 18. oktober, kl. 12-13. Stad: Biblioteket, Hop stasjon
I 2024 feirar vi at det er 750 år sidan Landslova vart vedteken på Frostatinget. Jubileet feirast med brask og bram av det offentlege Noreg, men kva er det som eigentleg feirast – og er det noko som i det heile er verdt å feira?!
Pål Berg Svenungsen vil i føredraget snakke om kva Landslova eigentleg er, og kvifor ho på mange måtar er eit unikt stykke lovarbeid i ein europeisk mellomalder-samanheng. Han vil òg snakke om mannen som stod bak ho, nemleg den heller ukjente kongen Magnus VI Håkonsson, betre kjent som Magnus Lagabøte (konge i åra 1263-1280).
Jul i Lands- og Bylova – Ei juleforteljing om Norge på 1100- og 1200-talet
Tid: 16. desember, kl. 11.30-12.30. Stad: Biblioteket, Hop stasjon
Julefreden varte frå tomasmesse til heilage tre kongars dag etter Landslova av 1274 og Bylova av 1276. Julefreden gav folk god tid. Tid til å krevja odelsrett eller leiga ny jord, tid til å inngå avtalar om kreditt og pant, eller tid til fest, og dermed tid til fyll, krangel og slagsmål. Jul og julehøgtida er difor ofte nemnt i lovgjevinga til Magnus Lagabøter. Bak dei ulike lovreglane får ein òg auga på eit framveksande norsk statssamfunn, og eit Norge stadig meir integrert i europeisk kultur og åndsliv. Jul i Lands- og Bylova er dermed i både ei forteljing om ei høgtid og om ein ny epoke i norsk historie.
Jørn Øyrehagen Sunde er jurist og professor i norsk rettshistorie ved Universitetet i Oslo. Han har gitt ut fleire bøker om lovutviklinga i Noreg, og har i tillegg leia prosjekt om Landslova av 1274.
Foto: Hans Jørgen Brun
Førde
Landslova 750 år - og kva så?
Tid: 21. september, kl. 14-15. Stad: Sunnfjord bibliotek
I 2024 feirar vi at det er 750 år sidan Landslova vart vedteken på Frostatinget. Jubileet feirast med brask og bram av det offentlege Noreg, men kva er det som eigentleg feirast – og er det noko som i det heile er verdt å feira?!
Pål Berg Svenungsen vil i føredraget snakke om kva Landslova eigentleg er, og kvifor ho på mange måtar er eit unikt stykke lovarbeid i ein europeisk mellomalder-samanheng. Han vil òg snakke om mannen som stod bak ho, nemleg den heller ukjente kongen Magnus VI Håkonsson, betre kjent som Magnus Lagabøte (konge i åra 1263-1280).
Landslova, ingeniørane og Førde
Tid: 21. november, kl. 13-14. Stad: aud. Sunnfjord
Det å lage eit riksdekkjande lovverk i mellomalderen, og attpåtil ei lovbok som regulerer alle sider ved samfunnet, kan kallast ein kunst. At landslova vidare fekk fleire hundreårs funksjonstid kan vera eit resultat av dette kunststykket, men det kan også skuldast heldige omstende.
I dette føredraget av førstelektor ved FTMS Lars August Hafting Kvestad vil de fyrst få høyre noko generelt om landslova, tilvertinga og personane bak. Vidare vil de få høyre meir om korleis landslova tok sikte på å standardisere måleiningar i det norske riket, og kva innverknad dette fekk på den norske rettssoga. Avslutningsvis vert utskiftinga av prestegarden i Førde på 1820-talet bruka som døme på at ein fyrst då hadde gått vidare frå dei gamle skifteprinsippa i landslova.
Haugesund
Guds fire døtrer og Landslova av 1274
Tid: 6. september, kl. 11.30-12.30. Stad: Biblioteket
Heile Europa gjekk gjennom store endringar frå midten av 1100-talet. I Norge var endringane særleg store, fordi samstundes vart slaveriet oppløyst og ættesamfunnet svekka. Det betydde at bærande strukturer for det gamle samfunnet svikta, og nye måtte etablerast.
Magnus Lagabøters Landslov var eit svar på desse store utfordringane. I Landslova finn vi forteljinga om Guds fire døtrer. Den spring ut av Salme 85 i Bibelen, som vart utvikla i jødisk tradisjon før forteljinga vart tatt i bruk av kristne intellektuelle i Europa. Deretter reiste forteljinga om Guds fire døtrer frå Paris til Nidaros, og vart ein viktig byggjestein i den norske staten som Landslova etablerte.
Jørn Øyrehagen Sunde er jurist og professor i norsk rettshistorie ved Universitetet i Oslo. Han har gitt ut fleire bøker om lovutviklinga i Noreg, og har i tillegg leia eit prosjekt om Landslova av 1274.
Foto: Hans Jørgen Brun
Farmannslova, norsk sjørett i middelalderen
Tid: 20. september, kl. 11.30-12.30. Stad: Biblioteket
Kva gjer ein når det blir slagsmål om bord på eit skip som er på veg til Grønland? Eller ein av mannskapet manglar når de skal seile heim frå tokt? I dette foredraget dykkar vi ned i Farmannslova, ei av dei tidlegaste maritime lovene frå Skandinavia. Dette vesle regelverket frå slutten av 1100-talet regulerte alt frå skipets sjødyktigheit til straff for tjuveri om bord, i tillegg til handel i framande land.
Under Magnus Lagabøtes lovreform på slutten av 1200-talet vart også sjøretten utvida og oppdatert i tråd med nye prinsipp om sjøfart og handel. Her vert det kasta lys over korleis denne lova sikra at sjøfararar kunne navigere farane til sjøs og oppretthalde orden om bord. Farmannslova blir også sett i samanheng med andre europeiske sjørettar i mellomalderen. Gjennom døme frå lov og praksis får vi innblikk i mellomalderens maritime verd, der skipet ofte utgjorde sitt eige vesle rettssystem.
Miriam Jensen Tveit er ein norsk historikar frå Nord universitet. Ho har eit særleg fokus på rettshistorie i middelaldaren i forskinga si.
Foredraget avsluttes med ein samtale mellom Miriam Jensen Tveit og Sigmund Simonsen, professor i rettsvitskap med fokus på sjørett, for å ta oss frå Farmannslova til moderne sjørett.
Sogndal
Landslova 750 år - og kva så?
Tid: 5. september, kl. 11.30-12.30. Stad. Biblioteket
I 2024 feirar vi både nasjonalt og lokalt at det er 750 år sidan den norske kongen Magnus Lagabøte utferda Landslova.
- Men kva slags lov er dette eigentleg snakk om?
- Kven var kongen som stod bak?
- Og er det strengt tatt verdt å feire?
Biblioteket har invitert Pål Berg Svenungsen for å gi deg svara.
Magnus Lagabøtes landslov i nytt språk
Tid: 12. november, kl.11.30.12.30. Stad: Biblioteket
Jo Rune Ugulen Kristiansen har gjort ei nyomsetjing av Landslova av 1274, frå norrøn tekst til moderne bokmål.
I dette føredraget vil Kristiansen snakke om arbeidet med omsetjinga av Magnus Lagabøtes Landslov.
- Korleis har det vore å jobbe med dette?
- Kva avvegingar har han måtte gjere for å få teksten så god som mogleg?
- Kva har vore mest interessant, og kva har vore vanskelegast?
Jo Rune Ugulen Kristiansen er historikar. Til dagleg er han tilsett i Arkivverket, der han i hovudsak arbeider med kjeldematerialet frå mellomalderen.
Stord
Er det lov? Eit program for barn om gamle og nye lover, i ord og teikningar med Therese G. Eide
Tid: 8. november, kl. 11.00-11.45. Stad: UND104
For lenge, lenge sidan var det ein gut som heitte Magnus. Han vaks opp i kongsgarden i Bergen, og då den eldre broren døydde, vart han konge.
Magnus Lagabøte var namnet han fekk i ettertida. «Lag» er eit gammalt ord for lov, og «bøte» tyder at han var med på å rette på gamle lover. I året 1274 vart Landslova vedteken som den første lova for heile Noreg, og i år markerer vi at det er 750 år sidan.
Saman med Therese reiser vi tilbake i tid i ord og teikningar. Ho inviterer til ein samtale om Magnus Lagabøtes landslov og kva barna synest bør vere lov i dag. Dersom det er tid, kan barna få prøve gamle skrivereiskapar.
Therese G. Eide lagar teikneseriar og illustrerer bøker. Interessa for fortida har ho med seg frå studium i historie og arkeologi og som omvisar ved Håkonshallen i Bergen.
Invitert inn er ein klasse frå ein lokal barneskule.
Illustrasjon: Therese G. Eide Foto: Heidi Furre
Tid: 8. november, kl. 12.15-13.00. Stad: UND104
Therese G. Eide skal halde eit inspirerande føredrag for lærarstudentane ved GLU om korleis ho planlegg opplegg for born i barneskulen. Ved å bruke jubileet for Magnus Lagabøtes landslov som døme, vil ho illustrere kreative pedagogiske metodar. Eide vil diskutere korleis ein kan gjere historiske emne engasjerande for unge elevar gjennom praktiske aktivitetar, forteljingar og visuelle hjelpemiddel. Ho vil også dele erfaringar om tilpassing av opplegg til ulike aldersgrupper. Målet er å gi studentane inspirasjon og verktøy til å utvikle eigne effektive undervisningsopplegg.
Arrangementa er ein del av Vestland si feiring av landslovjubileet: Landslovjubileet - Vestland fylkeskommune
Jubileet i Vestland er eit samarbeid mellom: