Opphavsrett og plagiat

Vitskaplege arbeid er verna av opphavsretten. Sitatretten gjer at du likevel kan sitere, men du må alltid referere til kjeldene du brukar.

Opphavsrett og sitatrett

Den som skapar noko, eig rettane til det. I Noreg regulerer Åndsverklova opphavsretten. Åndsverklova gir deg rett til å sitere frå offentleggjorde verk utan å hente inn løyve frå opphavspersonen, så lenge du gjer det «i samsvar med god skikk og i den utstrekning formålet betinger» (Åndsverkloven, § 29). Dette inneber mellom anna at dersom du siterer, er det fordi det skal tene din tekst og ditt spørsmål. Overdriven bruk av sitat er noko du bør unngå, og som lova set grenser for. Du skal vidare alltid oppgi namn på opphavsperson(-ane) til den teksten du siterer.  

Opphavsretten er knytt til form, ikkje innhald. Opphavsretten gjeld såleis ikkje for forskingsfunn eller teoriar i seg sjølv, men for tekstane der dette innhaldet blir presentert.  

Tabellar og figurar

Sitatretten gjeld særleg for tekstar som lèt seg sitere i utdrag. For illustrasjonar og figurar er det annleis, då desse normalt ikkje lèt seg sitere i utdrag i same grad. Ofte er det freistande å scanne inn ein illustrasjon eller figur i oppgåva di, men i slike tilfelle skal du eigentleg be opphavspersonen om løyve, med mindre illustrasjonen er merka med ein Creative Commons-lisens som tillèt fri bruk. Også i slike tilfelle må du alltid referere til kjelda eller opphavspersonen.

Tabellar er i ein gråsone, her vil det variere om innhaldet i tabellen nærmar seg tekst eller figur, og om sitatretten kan gjelde. Det Åndsverklova kallar «databasar» (§24), er verna av opphavsretten, dersom det ligg ein «skapende åndsinnsats» til grunn for produktet og om innhaldet er resultat av «en vesentlig investering». I slike tilfelle må du også her henta inn løyve, med mindre databasen er lisensiert for fri gjenbruk.

Illustrasjonar, figurar og tabellar kan ofte ha ein opplysande effekt i teksten du les, men spør deg likevel sjølv om du eigentleg treng å kopiere dei inn i eigen tekst eller om ikkje teksten blir vel så god av at du formulerer deg med eigne ord.

Bilde

Til liks med figurar og illustrasjonar i bøker må fotografi og annan kunst normalt «siterast» i sin heilskap. Her må løyve hentast inn frå vedkommande som har opphavsretten.

Skal du bruke bilde, er det eit vilkår at det er samanheng mellom tekst og bilde. Du kan ikkje bruke eit verk (fotografi, kunstverk) som dekorasjon eller omslagsbilde då dette ikkje vil vere i tilslutning til teksten. 

HVL abonnerer på bildebasen Britannica ImageQuest, som inneheld bilde du fritt kan bruke i teksten din. Hugs at du alltid må oppgi kvar du har bildet frå og kven som er opphavspersonen. Du finn desse opplysningane i basen.

Les meir om bruk av bilde her

Dikt

Sitatretten gjeld også for dikt, men brukar du eit heilt dikt eller ein større del av ein tekst, må du ha løyve frå forfattaren/forlaget.

Er det meir enn 70 år sidan forfattaren døydde, kan du sitere fritt.

Du treng vanlegvis ikkje løyve for å sitere ein liten del av ein tekst, til dømes ei verselinje i eit dikt.

Kunstig intelligens

Tekstar produsert av kunstig intelligens (til dømes Chat GPT) har ikkje opphavsrettsleg vern, då dei er ei samanfatning av innhald frå ei ukjend mengde kjelder som maskiner er mata med. Innhaldet i slike tekstar kan vere meir eller mindre presist, men blir ikkje rekna som «åndsverk» i og med at det ikkje ligg nokon «skapende åndsinnsats» til grunn.

Vidare føreset tanken om forfattarskap at du som forfattar av tekst er ansvarleg for innhaldet, noko som ikkje er tilfellet for tekstar skapt av kunstig intelligens. Du kan derfor heller ikkje utgi eller levere tekst skapt av kunstig intelligens som din eigen.

Publiserte studentoppgåver

Eigne studentoppgåver (bachelor- eller masteroppgåver) som blir publiserte i høgskulens opne arkiv, har du sjølv opphavsrett til. Andre må i slike tilfelle sitere og referere til deg etter gjeldande reglar. Det same må du sjølv gjere når du siterer eigne eller andre sine publiserte studentoppgåver i arbeidet ditt.

Plagiat og "sjølvplagiat"

Å presentere andre sine arbeid som ditt eige, anten du gjer det medvite eller ikkje, blir rekna for plagiat. Referer derfor alltid nøyaktig til kjelda di kvar gong du brukar tankar eller formuleringar som er henta frå andre.

Eksempel på plagiat:

  • bruk av materiale publisert på internett eller i trykte kjelder utan referanse
  • kopiering av andre sitt arbeid med kosmetisk omarbeiding (hermeteikn manglar, enkeltord er bytte ut) slik at teksten ser ut som din eigen, sjølv om du tek med referanse
  • kopiering/omarbeiding av arbeid som andre studentar har levert tidlegare
  • for stor tekstlikskap mellom individuelle studentoppgåver

Dersom du brukar på nytt delar av eige arbeid som du har levert inn tidlegare og som du har fått utteljing for, må du opplyse om dette med tydelege referansar på dei aktuelle stadene, elles blir det normalt rekna som plagiat i form av uakseptabel gjenbruk («sjølvplagiering»). Sjå Søk og skriv for korleis du kan vise til eige arbeid i slike tilfelle.

Les meir