Skrivehalvtimen

Er du student og skal i gang med å skrive oppgåve? Lurer du på korleis du går frå tema til problemstilling? Har du god struktur og flyt i teksten din? Bruk Skrivehalvtimen!

Stengt for semesteret. Opnar att 13. januar 2025.

Kva skjer i Skrivehalvtimen?

Skrivehalvtimen begynner med å definere kva du treng hjelp med. Ta med nokre idear, ei skisse, eller eit utkast av ein tekst du jobbar med. Du kan òg kome med konkrete spørsmål rundt skrivearbeidet. Gjennom dialog ser vi på kva grep du kan gjere for å kome vidare med oppgåva di.

Merk at Skrivehalvtimen er meint som eit tilleggstilbod. Det erstattar ikkje rettleiing frå faglærarar.

Tenesta varer inntil ein halvtime.

Når og kvar treff du oss?

Bergen

Vi rettleier fysisk og digitalt.

Du møter oss:
Digitalt på tysdag, onsdag og torsdag, kl. 13-17.
Fysisk på onsdag og torsdag, kl. 13-17 på D130 (rommet bak biblioteket).  Bestill fysisk rettleiing på førehand for å være sikra ønska tidspunkt, eller ta turen innom for å sjå om vi er ledige.

Bestill time

Sogndal

Vi rettleier fysisk og digitalt.

Du møter oss:
Digitalt på tysdag, onsdag og torsdag, kl. 13-17.
Fysisk på tysdag kl. 13-17 på rom H4099 i biblioteket. Bestill fysisk rettleiing på førehand for å være sikra ønska tidspunkt, eller ta turen innom for å sjå om vi er ledige.

Bestill time

Stord

Vi rettleier fysisk og digitalt.

Du møter oss:

  • Digitalt tysdag, onsdag og torsdag, kl. 13-17.
  • Fysisk måndagar kl. 10-14, bestill avtale under. 
Bestill time

 

Førde, Haugesund

Vi rettleier digitalt tysdag, onsdag og torsdag, kl. 13-17. 

Bestill time

Digitalt

Vi rettleier digitalt tysdag, onsdag og torsdag, kl. 13-17. 

Bestill time

Følg oss også på Facebook og Instagram (@skrivesenterethvl), der deler vi stadig ut gode skrivetips.

For spørsmål om tenesta, kontakt skrivehalvtimen@hvl.no

Kven er vi?

bilde av Ida Thue Voss (Bergen)

Ida Thue Voss (Bergen)

Jeg er 24 år og kommer fra Oslo. Jeg går mitt fjerde år på grunnskolelærerutdanningen 1.-7.trinn, og har valgt å skrive master i norsk! Jeg har også studiepoeng i samfunnsfag og kroppsøving, og er ellers veldig interessert i både friluftsliv, natur og dyr. Jeg sitter som skriveveileder på biblioteket på onsdager fra kl. 13.00-17.00, og håper å se deg der for en hyggelig prat og skrivehjelp.

bilde av Ingeborg Bjørke (Sogndal)

Ingeborg Bjørke (Sogndal)

Hei! Eg er 26 år og studerer grunnskulelærar 5.-10. trinn på fjerde året. No tek eg master i norsk, men har tidlegare teke både naturfag og spesialpedagogikk. Som du ser er eg interessert i masse forskjellig, og elskar å utforska både natur og litteratur. Mi erfaring med skriving er at det alltid hjelper å få nye auge på teksten, og å kunne diskutere problemstillingar ein står i for å få eit best mogleg resultat. Skriving er ikkje noko me må driva med åleina. Det kan vera både sosialt og skapa fellesskap. Skrivinga er med å utvikla oss. Litteratur og å finne fram til gode måtar å bruka forskingslitteraturen på, for å skapa ein lesarvennleg tekst er noko av det eg tykkjer er spennande. Håpar det er noko eg kan hjelpa deg og med!

bilde av Johannes Skahjem (Sogndal)

Johannes Skahjem (Sogndal)

Eg er 28 år og kjem frå Svelvik. Her ved HVL Sogndal tek eg den toårige masterutdanninga i Climate Change Management. Ein dag i veka jobbar eg med Skrivehalvtimen. Der kan me saman løysa små og store utfordringar med teksten din. Erfaringa mi er at skriverettleiing har positiv innverknad på skriveprosessen og den ferdige teksten. Jo tidlegare ein får rettleiing undervegs i arbeidet, jo betre. Kom med den teksten du har, så tek me det derifrå. Velkommen!

bilde av Ole Marius Øfsthus (Bergen)

Ole Marius Øfsthus (Bergen)

Hei! Eg er 31 år, kjem frå Bergen og utdanna grunnskulelærar og teiknspråktolk. Her på HVL jobbar eg med teiknspråkforsking som vitskapeleg assistent, og som skriverettleiar. Eg har 1 års erfaring med å rettleie Bachelor- og masterstudentar i oppgåveskriving, særleg lærarstudentar. Mine akademiske interesser inkluderer akademisk skriving, norsk språk og litteratur – særleg lyrikk – og teiknspråklingvistikk. Eg kan rettleie tekstar på norsk, engelsk og norsk teiknspråk.

bilde av Silje Stråtveit (Bergen)

Silje Stråtveit (Bergen)

Eg er 24 år, og kjem frå Voss. Eg går femte året på grunnskulelærarutdanninga 1.-7. klasse, og no skriv eg masteroppgåve i norsk. Det eg likar best å rettleie på er alt knytt til referansar, men eg kan også hjelpe deg med andre delar av skriveprosessen! Eg er skriverettleiar på biblioteket i Bergen onsdagar kl 13.00-17.00. Håpar å sjå deg der!

bilde av Sofie von Schack (Bergen)

Sofie von Schack (Bergen)

Jeg er 25 år og kommer fra Stavanger. Jeg går nå på andre året på Master i Areal og eiendom, og har en bachelorgrad i Landmåling og eiendomsdesign. Jeg har erfaring med tekst, kildebruk, og noe juridisk metode. Jeg jobber på skrivehalvtimen mellom 13-17 på torsdager. Kom gjerne innom for en prat! Velkommen

 

Skrivesenter

Skriverettleiingstilbodet i biblioteket blir organisert av Skrivesenteret ved HVL. Skrivesenteret står bak Skrivehalvtimen, skriveverkstader og kurs i akademisk skriving.

Ph.d.-kandidatar og forskarar er velkomne til å ta kontakt gjennom skrivehalvtimen eller andre kanalar for manusrettleiing.