Intensivkurs i skriverettleiing
Skrivesenteret HVL Bergen tilbyr intensivkurs i skriverettleiing for studentar på tredje år eller master.
Kurset rettar seg mot nye skriverettleiarar og blir vanlegvis arrangert ved semesterstart i Bergen eller Sogndal.
Hovudformålet med intensivkurset er å gi deg som ny skriverettleiar reiskapar til å møte studentar undervegs i skriveprosessen og vite kva som kjenneteiknar eit godt akademisk tekstarbeid.
Som skriverettleiar vil du vere løna av Skrivesenteret HVL og du vil også få betalt for å delta på sjølve kurset.
Utlysingar av jobb som skriverettleiar blir annonsert på HVL sine nettsider.
Kontaktperson for intensivkurset er Solveig Kavli.