Reformering av barnehagelærarutdanninga 

Solveig Marie Borgund disputerer fredag 15. november 2024 for ph.d.-graden ved Høgskulen på Vestlandet med avhandlinga «Reformering av barnehagelærarutdanninga – mellom nasjonale standardar og institusjonell fridom».  

Bakgrunn for avhandlinga  

Barnehagelærarutdanninga gjekk gjennom ei omfattande reform i 2012 der målsettinga var å forbetre kvaliteten og innhaldet i utdanninga. Reforma omfatta eit skifte av namn på profesjonen og utdanninga, frå førskulelærar og førskulelærarutdanning til barnehagelærar og barnehagelærarutdanning. Borgund fokuserte på reforma sine kjenneteikn, lokale påverknader og mottakinga blant studentane. Målet var å gi innsikt i styring og reformering av høgare utdanning, med barnehagelærarutdanninga som case. 

Avhandlinga byggjer på ei kvalitativ casestudie. Kombinasjon av dokumentanalysar og djupneintervju har gjort det mogleg å danne eit heilskapleg bilete av reformeringa. Studien består av tre del-studiar og inkluderer analyser av sentrale reformdokument, intervju med tilsette og leiarar ved barnehagelærarutdanninga, samt intervju med studentar.   

Politikkformulering  

Den første del-studien handla om politikkformuleringsfasen. I denne delen kom det fram at styresmaktene nytta fleire instrument som regulering, økonomiske verkemiddel, informasjon og instruks. Eit mangfald av aktørar var involvert utforminga av reforma og prosessen var både open og transparent. Det blei også tatt i bruk nye former for medverknad gjennom til dømes kommunikasjon i opne nettforum. Trass i dette, viser Borgund i avhandlinga, at høvet til reell påverknad var avgrensa.  

Styresmaktene strukturerte prosessen og la til rette for medverknad, men berre på enkelte område. I avhandlinga viser Borgund at politikkformuleringsfasen enda i ei reform det var strid om.  Dei største endringane var alt vedtekne før høyringsrunda. 

Mange aktørar i feltet ønska endring, men det var på ingen måte semje om den nye oppbygginga av utdanninga og det blei opplevd som krevjande å setje i verk under dei dåverande føresetnadane i institusjonane.  

Om implementering og iverksetjing  

Del-studie to omhandla implementeringa av reforma. Trass i detaljerte styringsdokument, fann institusjonane rom for lokal variasjon. Rammeplanen blir sett i verk, og leiinga syter for at dei nasjonale retningslinjene også blir etterlevde. Det punktet som oftast blir teke opp som eit hinder for implementeringa, handlar om finansiering.

Dei tronge rammene for barnehagelærarutdanninga er eit tilbakevendande tema, og det ser ut til å ha sett både evne og vilje til implementering på harde prøver. Institusjonane utforma programplanar basert på ressursar og kompetanse, men viste likevel klåre likskapar på tvers av institusjonane. Eit sentralt funn i avhandlinga er at evna og viljen til implementering er stor ute i institusjonane.  

Mottaking av reforma  

I del-studie tre kjem studentane sine stemmer fram. Det var ei uttalt målsetjing frå styresmaktene å skape ei utdanning av høg fagleg kvalitet. Studentane meinte kvalitet handla om struktur, motivasjon og samspel. Strukturelle forhold som informasjon og organisering var viktige, noko som blei sett på som institusjonane sitt ansvar. Samstundes framheva studentane samspel mellom undervisarar og studentar som sentralt. Dette såg dei som eit fellesansvar. 

Eksisterande lag møter nye lag med politikk 

Ny politikk møter ofte gammal politikk og legg seg som eit nytt lag over. Borgund har nytta ein kombinasjon av teoretiske perspektiv for å analysere reformeringa av barneahagelærarutdanninga i 2012,  og hovudfunna i avhandlinga dreiar seg om at barnehagelærarutdanninga oppheld seg i eit spenningsfelt. 

Det er spenning mellom nasjonal styring og institusjonell fridom, akademisering og praksisorientering, tverrfagleg orientering og disiplinfag, samt fagleg kvalitet versus økonomisk effektivitet. Desse spenningane har alle, meir eller mindre, eksistert før reformeringa – men reformeringa har i ulik grad forsterka dei. . Reforma skulle også styrke barnehagelærarprofesjonen, men møtte både støtte og motstand. 

Alt i alt viser Borgund gjennom avhandlinga at trass i ambisiøse målsettingar i reforma står barnehagelærarutdanninga framleis ovanfor betydelege utfordringar. Ei reform møter alltid ein eksisterande kontekst og legg seg difor oppå eksisterande strukturar og kulturar. Ambisjonen om å skape ei praksisnær utdanning av høg fagleg kvalitet gjennom innføring av tverrfaglege kunnskapsområde synes å ha vore særs vanskeleg å nå med dei ressursane og føresetnadane som ligg i institusjonane i dag. Vilje og evne er til stades, men ei slik organisering krev koordinering og samarbeid på eit nivå som verkar utopisk i dagens modell. Reformeringa av barnehagelærarutdanninga stod fram som ein open prosess med stort høve til medverknad. Policy-prosessen viste seg likevel å vere mindre open enn først antatt. Delar av rammeplanen blei utforma, vedteken og halden utanfor dei opne prosessane. Dette skapte misnøye i policy-prosessen, ein misnøye som tilsynelatande ikkje har lagt seg, og som gjer at det framleis er slik at ikkje alle delar av reforma har like stor legitimitet. 


Solveig Marie Borgund

Personalia 

Solveig Marie Borgund (f.1979) er oppvaksen på Sandane i Gloppen, og er no busett i Bergen. Borgund har mastergrad i Administrasjon og organisasjonsvitskap frå Universitetet i Bergen, og har sidan 2017 vore tilsett ved Høgskulen på Vestlandet der doktorgradsarbeidet har vore knytt til ph.d.-programmet Studiar av danning og didaktiske praksisar ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett. 

Prøveforelesing 

Tid: Fredag 15. november kl. 09.00.  
Stad: HVL, Campus Bergen, Auditorium M005 
 
Tema: Å studere reformer innenfor høyere utdanning: Metodiske og teoretiske utfordringer og muligheter.  

Disputas 

Tid: Fredag 15. november kl. 10.30 
Stad: HVL, Campus Bergen, Auditorium M005 

Prøveforelesing og disputas er open for alle interesserte. Prøveforelesing og disputas vil gå føre seg på norsk og vil også bli strøyma. 

Sakkunnig komité 

  • Linda Rönnberg, Professor, Umeå Universitet 
  • Sølvi Mausethagen, Professor, OsloMet 
  • Kjetil Fosshagen, Førsteamanuensis, Høgskulen på Vestlandet 

Rettleiarar 

  • Kari Ludvigsen, Professor, Høgskulen på Vestlandet 
  • Tom Are Trippestad, Professor, Høgskulen på Vestlandet 

https://hvl.zoom.us/j/68086687517?pwd=92uHQq6pddBGbj47fO7GVsvZbf3vyU.1

Webinar ID: 680 8668 7517 Passcode: 738515