Programutvalet for ph.d.-programmet i helse, funksjon og deltaking

Programutvalet for ph.d.-utdanninga Helse, funksjon og deltaking er eit rådgivande organ til dekanat i spørsmål som angår ph.d.-utdanninga.

Utvalet blir utnemd for fire år om gangen. Stipendiatrepresentant blir utnemd for to år.

Programutvalets myndigheit

Programutvalet har delegert myndigheit frå styret blant anna i disse enkeltsakene:

  • Godkjenne studieplan og emnebeskriving
  • Godkjenne opptak til ph.d.-utdanning
  • Godkjenne rettleiarar, prosjektbeskriving og framdriftsplan
  • Godkjenne opplæringsdel
  • Følgje opp framdrift for ph.d.-kandidatar som er tatt opp på studiet
  • Oppnevne ekstern representant i komité for midtveisevaluering
  • Initiere tiltak for å kvalitetssikre ph.d.-utdanninga
  • Motta og behandle søknad om å få avhandlinga bedømt
  • Innstille medlemmar til bedømmelseskomite overfor sentralt ph.d.-utval
  • Avgjere saker som angår den enkelte ph.d.-kandidat

Programutvalets medlemmar

Prodekan for forsking professor Marjolein M. Iversen er leiar for utvalet.

  • Professor Oddvar Førland
  • Professor Kjetil Grimastad Lundberg
  • Professor Bente Frisk
  • Professor John Roger Andersen
  • Stipendiat: Malin Håland Kleppe
  • Vara: Professor Milfrid Tonheim
  • Vara: Professor Tone Merete Norekvål
  • Vara: Stipendiat Kenneth Chance-Larsen

I tillegg stiller rådgivar og ph.d. koordinator Anne Dall-Larsen Bjørndal og professor Tobba Sudmann, fagleg leiar for PhD-studiet.

Møtedatoer  vår 2025

Møtedato                   Frist for innmelding av saker:   

  • 20. januar               1. januar
  • 4. mars                   11. februar
  • 1. april                     11. mars       
  • 6. mai                     15. april
  • 10. juni                    20. mai

Frist for saker som skal verte handsama i programutvalet: Seinast tre veker før møtedato. Søkarar med offentleg-ph.d. og nærings-ph.d. stipend kan etter avtale få søknad sin om opptak handsama utanom programutvalet sine møtedatoar. Det samme gjeld søknader om framstilling til doktorgradsprøven, og forslag til medlemmar i bedømmingskomité. Send e-post til Anne Dall-Larsen Bjørndal