Bli kjent med stipendiatane våre: Inga Margrethe Fagerbakke

Inga Margrethe Fagerbakke har alltid vore interessert i forsking, men ein kommentar frå den 4 år gamle sonen fekk fart på ideen til Inga Margrethe om å forske på korleis ein samtaler med barn og korleis ein møter gode initiativ frå barn i kvardagssamtaler. Kombinasjonen av å arbeide i barnehagelærarutdanninga samstundes som ho hadde barn i barnehagealder heime sette i gong nokre tankar om korleis ein samtaler med barn.

Inga Margrethe kjem frå Austevoll og har tidlegare arbeidd som norsklærar i ungdomsskulen før ho byrja å arbeide ved lærarutdanninga til HVL på Stord i 2017. Dette er noko ho trivst godt med. - Eg underviser i både barnehage- og grunnskulelærarutdanninga, og då det kom ei stipendiat-utlysing tilknytt prosjektet Scitalk, synest eg det verka spennande.

Forskar på kvardagssamtalen om natur i barnehagen og småskulen

– Kva forskar du på?

– Forskingsprosjektet mitt er ein del av Erasmus+ prosjektet Scitalk, som handlar om å utvikla ein naturfagleg samtaledidaktikk til lærarutdanninga, som spesielt handlar om kvardagssamtaler som det er mest av i barnehage og småskule. Mitt prosjekt rettar seg mot barnehagelærarstudentar. Den overordna problemstillinga er «Korleis kan barnehagelærarstudentar få betre opplæring i å samtala med barn om noko i naturen i kvardagssamtaler». 

– Kva metoder bruker du?

– Eg har i samarbeid med Yuko Kamisaka gjennomført intervensjonar med undervisning og forskjellige metodar der studentane øver på å samtala om noko i naturen. Etterpå har eg følgt nokre av dei i praksis for å sjå kva som skjer i situasjonar der samtalene oppstår, og korleis studentane reflekterer over dei. Her har eg brukt videoanalyse og koda videoane etter kategoriar av samtaleteoretisk eller naturfagleg art, som kan gje meir grunnlagt til tolking av kva som skjer . Til slutt har eg brukt videostimulert intervju, der studentane kommenterer eigne samtaler, for å få studentstemma til å bli tydeleg.

Inga Margrethe fortel oss at det er fleire årsaker til kvifor ho val å forske på nett naturfagleg samtaledidaktikk i lærarutdanninga. - Eg har tidlegare arbeidd med den litterære samtalen, og veit at det krevst både øving og kunnskap for å bli god på dette. Etter at eg byrja å undervisa i barnehagelærarutdanninga og samstundes hadde små barn heime, blei eg enda meir oppmerksam på kor viktig det er å møta barna sine initiativ på gode måtar for at det skal bli gode samtaler. Det eg forsøker å undersøka er korleis samtalene held fram eller stoppar opp, alt etter korleis studentane møter barna og korleis dei sjølve reflekterer over samtalene.

– Kva har du funne ut så langt i prosjektet ditt?

– Så langt har eg funne ut at det å samtala godt med barn om noko i naturen er langt meir nyansert og samansett enn eg hadde sett føre meg. Gjennom materialet har eg funne ut at eg vil sjå nærare på kva som skjer når det lukkast studenten å ha felles fokus med barnet over noko tid, såkalla sustained shared thinking.

- Målsetjinga for prosjektet mitt er at me kan koma nærare ein måte å arbeida med denne typen samtaler, som på ein eller anna måte involverer øving på samtaler, for studentar.

– Kva håper du forskingsårosjektet ditt kan bidra med?

– Kunnskap og respekt for naturen er viktig for alle, og Rammeplanen (2017) slår fast at barnehagen skal syta for at barn forblir nysgjerrige på naturen. Og då må ein kunna møta barna gjennom kvardagssamtaler, som det tross alt er mest av . Me veit at studentane per i dag får lite trening denne typen samtaler (Sortland, et.al. 2017). Gjems (2008) og andre har også vist at potensialet i kvardagssamtaler i barnehagen vert lite utnytta. Eg håpar difor at funna mine, og refleksjonane til studentane, til saman, kan gje innspel til ein naturfagleg samtaledidaktikk retta mot små barn.

Naturleg å velje HVL si eiga forskarutdanning

– Kvifor valte du å bryje på forskarutdanninga Studier av danning og didaktiske praksiser?

– Eg byrja på denne forskarutdanninga, fordi eg ynskte å ta ei forskarutdanning som hadde ein didaktisk profil. Då var HVL sin eigen forskarutdanning eit naturleg val. Det har vore givande å ta kursa for å koma inn i både skriving og tenkemåte som krevst på dette nivået. Og det å treffa så mange andre som forskar på barnehagefeltet har vore særs interessant. Både som masterstudent og etter at eg byrja ved HVL igjen, har eg vore interessert i forsking. Som nemnd tidlegare var kombinasjonen av å arbeida i barnehagelærarutdanninga, samstundes som eg hadde barn i barnehagealder heime, noko som sette i gang mange tankar kring korleis me samtaler med barn. Då sonen min var fire år sa han ein morgon «Sola varmar oss, men stjernene kaldar oss». Eg hugsar ikkje kva eg svara, men eg byrja å tenke over korleis ein eigentleg møter slike utsegner på ein god måte? Då var Scitalk-prosjektet midt i blinken for meg.

Kjelder nemnd i teksten: 

Gjems, L. (2008). Voksnes samtalestøtte i barnehagen: Norsk pedagogisk tidsskrift (05) S.

364-375.

Sortland, Merete Økland, S., Tikkanen, Tarja Irene, T., Heggen, Marianne Presthus, H., Holter, Kari, H., Langholm, Guri, L., Broström, Stig, B., . . . Thulin, Susanne, T. (2017). Kvalitet I barnehagelærerutdanning i naturvitenskap: En fellesnordisk studiemodul. Nordina (elektronisk ressurs), 13, 97-111.