HVL sin forskingsservar
All behandling av sensitive personopplysningar og helseforskingsdata skal foregå på HVL sin forskingsservar. Dette gjeld både for studentar og tilsette.
Før innsamling av data skal prosjektet førehandsvurderast og registrerast på følgjande måte:
- Meldeskjema for behandling av personopplysningar skal sendast til Norsk Senter for forskingsdata, som er HVL sin personvernrådgivar for forsking. Dersom det gjeld helseforsking skal det sendast søknad om førehandsgodkjenning til Regionale etiske komitear for medisinsk og helsefagleg forsking.
- Når positivt svar føreligg, skal prosjektet registrerast på HVL sin forskingsservar. Innhaldet du blir bedt om å oppgi i skjemaet er basert på krav i Personvernforordninga, artikkel 30.
- Når lagringsområdet på forskingsservaren er oppretta, får du tilsendt log-in og lenke til serverområdet. Når du har logga deg inn kan du starte datainnsamlinga.
For data som blir innsamla med opptaksutstyr (lyd, bilde, video) som er knytta til Internett, skal data overførast til forskingsservaren umiddelbart og slettast frå opptakseininga seinast innan eit døgn. Overføringa bør fortrinnsvis foregå ved bruk av kabel (for eksempel micro USB til USB), og aldri i opne nettverk. All vidare behandling av dataene skal foregå på HVL sin forskingsservar. Alle data på eksterne enheter (opptaksenheter/pc-ar etc) skal slettes.
Har du spørsmål?
- Tekniske spørsmål om forskingsservaren: Kontakt IT via it-hjelp@hvl.no eller 55 58 58 88.
- Spørsmål om meldeskjema til Norsk Senter for forskingsdata: Kontakt nsd@nsd.no eller 55 58 21 17, personverntenester (i tidsrommet 10.00-12.00).
- Spørsmål om førehandsgodkjenning av helseforskingsprosjekt: Kontakt Regionale etiske komitear for medisinsk og helsefagleg forsking sitt sekretariat.