Kvalitet og innovasjon i helse- og omsorgstenesta
Dei næraste åra vil omsorgstenesta måtte takle store utfordringar. I 2050 kjem Noreg til å ha dobbelt så mange over 65 år. Det betyr mellom anna at samfunnet må ta seg av dobbelt så mange personar med demenslidingar.
Demenslidingar hjå personar under 65 år er også aukande. Nasjonale føringar trekkjer fram det massive behovet for innovasjon i helse- og omsorgstenesta. Forsking og auka kompetanse på feltet er difor heilt nødvendig.
Tenester av høg kvalitet vil bety mykje. Forskingsgruppa ser eit klart behov for å kartlegge og omtale behov hjå den eldre og familiemedlemmer for å sjå på prioriteringa av desse i helsetenestene. Omsorgstenesta vil særleg bli utfordra på område der det føregår mykje samhandling mellom tenester, til dømes omsorg for eldre med store og samansette behov. Forskingsgruppa legg vidare vekt på helsefremmande arbeid, familie, frivillige samt velferdstilbod for eldre.
Forskingsgruppa vart etablert i 2012 og består av 20 forskarar frå Høgskulen på Vestlandet, Utviklingssenteret for sjukeheimar og heimetenester Sogn og Fjordane og kommunehelsetenesta.
Forskingsgruppa prioriterer praksisretta FoU, og er ein viktig arena for samarbeid med praksisfeltet og involvering av studentar. Helse Førde og Utviklingsenteret for sjukeheimar og heimetenester er viktige samarbeidspartar.
Mål med forskinga
Hovudmålet for forskingsgruppa er å byggje ny kunnskap og oppnå auka forståing av innhaldet i helse- og omsorgstenesta samt rolla til dei pårørande. Eit viktig delmål er å heve omsorgstenesta sin status og kompetanse ved å skape fagleg interesse for pasientgrupper som samfunnet prioriterer lågt. Eit anna delmål er å involvere studentar i forsking. Slik ønskjer forskingsgruppa å bidra til utvikling av helse- og omsorgstenesta i eit lengre tidsperspektiv.
Nettverk
- SESAM (regionalt kompetansesenter for eldremedisin)
- Senter for Omsorgsforsking
- USHT (Utviklingssenter for sjukeheimar i Sogn og Fjordane)
- Nasjonaforeningen rådet for demens, nestleiar
- Distriktspsykiatrisk senter (DPS), Helse Førde
- Eldremedisinsk poliklinikk, Helse Førde
- University of Bournemouth (BU)
Forskingsgruppeleiar
Medlemmer
- Anne-Margrethe Hjertenes
- Astri Hagenes
- Terese Bjordal
- Danuta Teresa Zablotna
- Elin Høyvik
- Katrine Sandnes Gornitshni
- Marit Anita Sunnarvik
- May Ina Kjøsnes Jarning
- Inger Oline Bruland
- Veronica Vikne
- Trude Østerbø
- Toril Marie Terum
- Joanna Galek
- Gunvor Farestveit Larsen
- Anne Lise Økland
- Anne Marie Sandvoll
- Julie Hammerseth Herstad
- Sissel Hjelle Øygard
- Jorun Elin Dahl
- Line Tangsveen
Assosiert medlem
Eksterne medlemmer