Persontilpassa helsetenester (PERSONFORSK)
I PERSONFORSK forskar vi på innovasjon og persontilpassing av helsetenester for å oppnå best mogleg forståing, auka brukarmedverknad og effektive tenester. Vi tilnærmar oss helsetenesteforsking frå eit menneskesentrert, relasjonelt og datadrive perspektiv.
Bruk av helsetenester inneber at menneske møter helsepersonell for å få hjelp med helseproblem. Vellykka bruk av helsetenester fører til individuell helse og auka livskvalitet. God behandling avheng av at det enkelte menneske sitt helseproblem og helsekontekst er tilstrekkeleg forstått. Forståing oppstår når pasientar og fagpersonar trygt og effektivt kommuniserer om helse og behov i relasjonelle og teknologi-støtta prosessar.
PERSONFORSK er bygd på ein grunnleggande tese: Helsetenesteforsking bør bidra til å fjerne det kunstige skiljet mellom mental og fysisk helse, og engasjere heile personen gjennom si helsereise. Med 'heile personen' meiner vi å ta omsyn til både til aspekta som bidrar til sjukdom eller helseproblem, og dei som bidrar til personen si generelle helse og ressursar.
Kvar person som mottar helsetenester befinn seg innanfor ein dynamisk balanse av begge deler. Berekraftige helsetenester inviterer og involverer ressursar og bekymringar hos den enkelte pasient slik at pasienten kan delta og bidra i behandlingsprosessane.
PERSONFORSK har eit spesielt fokus på å utvikle og implementere prosjekt som studerer korleis relasjonen og samarbeidsprosessen mellom helsepersonell og pasient bidrar til persontilpassing, kvalitet, nytte og/eller effektivitet av behandlinga. I tillegg utviklar PERSONFORSK teknologiar og forskingsprosjekt for å innovere persontilpassa innsamling av helsedata frå pasienten for å rettleie beslutningar innan behandling og prosessar mot større presisjon.
PERSONFORSK er forplikta til å bruke avanserte og varierte metodar i forskinga vår. Vi integrerer ulike forskingsmetodar for å få djupare forståing, spesielt innan deltakande aksjonsforsking, i forplikta samarbeid med praksis. Vår metodikk involverer bruk av kvalitative djupdemetodar, enten uavhengig eller i kombinasjon med avanserte kvantitative metodar, for å sikre pålitelege datafortolkningar for kvar enkelt pasient.
Medlemmer av forskingsgruppa underviser og rettleier i Ph.d.-programmet helse, funksjon og deltaking, master i samhandling og folkehelse, master i klinisk fysioterapi og masterprogram i sjukepleie.
Prosjekter
- Norse Impact – Samanhengande digitale tenester i psykisk helsefeltet
- Eit klinisk tilbakemeldingssystem for å betre tilpassing til å leve med med stomi: Implementering, evaluering og vidare utvikling
- Korleis påverkar fedmeoperasjonar helsa og livskvaliteten?
- Smerte etter Kirurgi - eit forskings- og innovasjonsprosjekt
- Avansert personleg progresjonsmåling i rehabilitering etter hjerneslag (Appirh)
Du kan lese meir om forskargruppa Persontilpassa helsetenester på Helseforsking Sogn og Fjordane.
Ein oversikt over forskargruppa sine aktivitetar og resultat.
Forskergruppeleder
Nestleder
Forskningskoordinator
Medlemmer
Medlemmer
- John Roger Andersen
- Kari Eldal
- Anny Aasprang
- Pål Andre Hegland
- Runar Tengel Hovland
- Andrew McAleavey
- Eili Nygard Riise
- Stig Magne Solstad
- Gunn Karoline Fugle
- Randi Stubhaug Gamlestøl
- May-Ina Kjøsnes Jarning
- Jeanette Svarstad
- Bente Egge Søvde
- Hildegunn Styve Borkamo
- Villy Våge
- Marius Veseth
- Jone Ravndal Bjørnestad
- Kirsten Lerum Indrebø
- Gøril Kleiven
- Kristina Osland Lavik
- Kristin Vassbotn Guldhav, PhD Candidate
- Florin Hopland-Nechita, PhD Candidate
- Mariann Vigdal
- Cecilie Merethe Øvrebotten
- Janne Cecilie Øvrevold Låver, PhD Candidate
- Yeu Jin Ki, PhD Candidate
- Hans Jacob Westbye, PhD Candidate
- Lill Anette Juvik, PhD Candidate
- Kari Heggedal Longvastøl, PhD Candidate
- Janne-Merete Torset Øien, PhD Candidate
- Eirin Gjerde,PhD Candidate
Nasjonale og regionale partnere
Nasjonale og regionale partnere
- Målfrid Råheim, UiB
- Jone Ravndal Bjørnestad, UiS og Stavanger universitetssykehus
- Marius Veseth, UiB
- Norse Feedback
- Heidi Brattland, NTNU, St. Olavs sykehus HF, Trondheim universitetssykehus
- Trine Tetlie Eik-Nes, NTNU
- Tone Norekvål, Haukeland universitetssykehus og UiB
- Villy Våge, Haukeland universitetssykehus
- Aslak Hjeltnes, UiB
- Torgeir Gilje Lid, Stavanger universitetssykehus og UiS
- Magnus Nordvik Strømmen, St Olavs sykehus, Trondheim universitetssykehus
- Jørgen Gustav Bramness, Folkehelseinstituttet
- Christian Beisland, Haukeland universitetssykehus og UiB
- Tonje Lundeby, Oslo universitetssykehus
- Siri Aune Dahl, helseforsking Sogn og Fjordane
Internasjonale partnere
Internasjonale partnere
- Ronette L. Kolotkin, Duke University School of Medicine, USA
- Jane Odgen, University of Surrey, UK
- John Mellor-Clark, Birmingham City University, UK
- Louis Castonguay, Penn State University, USA
- Sam Nordberg, Reliant Medical Group, USA
- Sidse Marie Arnfred, Copenhagen University and Psychiatry West
- Susan Douglas, Vanderbilt Vanderbilt Peabody College, USA
- Tineke Abma, Leiden University Medical Centre, Netherlands