Psykisk helse og rus (PHR)

Forskingsgruppe for psykisk helse og rus er ei svært aktiv forskingsgruppe. Målet er å skape ny kunnskap om samarbeidsrelasjonar i behandling, samanhengen mellom psykisk og kroppsleg helse, og teknologisk og tenestemessig innovasjon i utvikling av betre helsetenster for pasientar.

Forskingsgruppa vart vedteken som strategisk satsing i styret til Helse Førde i slutten av 2014, og er eit samarbeid mellom Høgskulen på Vestlandet og Helse Førde som har vore i drift sidan 2015.

Eit særmerke for PHR er at forskinga skjer nær og i det kliniske praksisfeltet. I møte med klinikken brukar medlemmane av forskingsgruppa avanserte kvalitative mikroprosessmetodar for å studere prosessar, erfaringar og opplevd nytte. I ei særstilling står helsetenester som byggjer på ein god relasjon mellom behandlar og pasient, og der kvaliteten og innhaldet i denne relasjonen er avgjerande for pasienten sin tilfriskningsprosess. Fleire stipendiatar og post.docar nyttar og utviklar felles forskingsmetodologi i ulike studier av dette.

Forskingsgruppa har også eit større program for klinisk tilbakemelding og innovasjon, kalla Norse Feedback. Dette programmet og resultata av det har vunne kvalitets- og innovasjonsprisar, og har vunne samla forskingsfinansiering på over 30 MNOK. I dette programmet møtast stipendiatprosjekt som studerar bruksprosessar kvalitativt, implementeringsprosjekt, og nyare prosjekt knytt til innovative statistiske metodar for persontilpassing og maskinlæring.

Medieoppslag som skildrar ulike sider ved dette forskingsprogrammet:

Forskinsgruppa er tverrfagleg, og består mellom anna av psykologar, legar, sjukepleiarar, fysioterapeutar og samfunnsvitarar, og har mykje internasjonalt samarbeid med leiande forskarar innanfor dei felta ho opererer innan.

Forskargruppeleiar

Professor II
Institutt for helse- og omsorgsvitskap

.