Kunst, kreativitet og kulturelle praksisar

Forskinga i programmet utforskar kunstnarlege, kreative og kulturelle praksisar med relevans for utdanning, kultur og samfunn.

Forskinga i dette forskingsprogrammet omfattar utforsking av menneskeleg erfaring, skaping, kunnskap, aktivitet og uttrykksformer, så vel som kritisk analyse og drøfting av slik verksemd og samanhengane denne inngår i. Forskinga skal også bidra til endring og innovasjon, mellom anna knytt til teknologi og ulike medium. 

bilde av Tiri Beate Bergesen Schei

Tiri Beate Bergesen Schei

Forskingsprogramleiar

Dei tre delområda er delvis overlappande

Kunst

Forskinga i dette delområdet vert gjort på og gjennom kunstformer og estetiske praksisar og læreprosessar der både estetiske inntrykk, uttrykk og avtrykk inngår. Forskinga er forankra i problemstillingar med relevans for lærarutdanning, skule, barnehage og kultursektor.

Kreativitet

Forskinga i dette delområdet bidreg til utvikling av perspektiv, metodologi og læringsformer knytt til kreativitet og innovasjon, og er gjerne retta mot aktuelle eller framtidige utfordringar i utdanning og samfunn, til dømes tilnærmingar knytt til 21st Century Skills, entreprenørskap og liknande.

 

Kulturelle praksisar

Forskinga i delområdet bidreg til å utvikle metodologi og problematisere tema knytt til kulturelle uttrykk, kulturmøte og kulturelle praksisar i utdanning, samfunns- og kulturliv. Kulturomgrepet (i vid forstand) er sentralt i delområdet og vert belyst frå ulike faglege og vitskaplege perspektiv.

Forskargrupper