Rettleiing om bruk av KI i forsking
Rettleiing om bruk av KI i forsking ved Høgskulen på Vestlandet (HVL)
1. Tilgjengelege KI-verktøy ved HVL
HVL har gjort KI-verktøya som er lista opp nedanfor tilgjengelege for tilsette og studentar (Copilot kun for tilsette). Desse er vurdert som sikre å bruke dersom ein føl krav til personvern og opphavsrett, brukar forskingsserverar til lagring av forskingsdata, og kun deler data som er lovlege for dei ulike KI-verktøya.
Du har sjølv ansvar for å vurdere verktøya og å sette deg inn i gjeldande regelverk og tilrådingar for kvart enkelt verktøy:
- GPT UiO
- GPT UiO: https://www.uio.no/tjenester/it/ki/gpt-uio/
- GPT UiO for HVL: https://www.hvl.no/kunstig-intelligens/hvlgpt/
- Copilot
- Copilot.microsoft.com: https://copilot.microsoft.com/
- Copilot for HVL: https://www.hvl.no/kunstig-intelligens/copilot/
- Keenious – til litteratursøk
- Keenious.com: https://keenious.com/
- Keenious ved HVL: https://www.hvl.no/bibliotek/finn/keenious/
- Autotekst – for transkribering av lydfiler
- UiO Autotekst: https://www.uio.no/tjenester/it/lyd-video/autotekst/
- Guide til universell utforming av lyd og podcast HVL: https://www.hvl.no/alu/universell-utforming/guide-lyd-og-podkast/
2. Råd for bruk av generativ KI i forsking
Som utgangspunkt for å vurdere din eigen bruk av KI-verktøy tilrår vi at du set deg inn i EU sine «living guidelines» for ansvarleg bruk av generativ KI i forskning. Under listar me opp nokre hovudpunkt frå desse retningslinjene, som du bør vere særleg merksam på, saman med konkrete råd om korleis du møter desse som forskar ved HVL.
2.1 Ansvar for fagleg innhald
Som forskar er du sjølv ansvarleg for alt du genererer eller får (re)produsert med hjelp frå KI-verktøy. Merk at KI-verktøy ikkje kan ta juridisk ansvar for lisensavtalar, opphavsrett eller interessekonflikt, og heller ikkje førast opp som forfattar eller medforfattar. Har du roller som redaktør eller assisterande redaktør for vitskapelege tidsskrift finn du meir informasjon på COPE. Generativ KI kan gjenspegle ubalanserte resultat frå treningsdata. Ver merksam på skeiv framstilling innan til dømes kulturelle, kjønnsrelaterte eller ideologiske tema. Ikkje bruk generativ KI som kjelde til kunnskap. Bruk etterrettelege kvalitetssikra kjelder, og krediter og referer desse etter vanleg praksis.
2.2 Transparent bruk
Fordi KI-generert tekst ikkje har ein ansvarleg avsendar er det berre i spesielle tilfelle du skal inkludere KI-verktøy i litteraturlista di. Du skal likevel vere open om korleis du har brukt verktøyet og ikkje framstille KI-generert tekst som din eigen. Ver open om svakheiter knytt til KI-verktøya du tek i bruk. Dersom du har brukt KI-verktøy på ein måte som verkar inn på resultat, analyse eller metode refererer du på vanleg måte med tilvising i tekst og referanse i litteraturlista etter reglane som gjeld for den aktuelle referansestilen. Ver merksam på at forlaget/tidsskriftet du skal publisere i kan ha eigne retningslinjer for KI-bruk. Sjå for eksempel Norsk APA-manual og tilrådingar frå ICMJE.
2.3 Datasikkerheit, personvern, opphavsrett og minimering
Datasikkerheit og forskingsdata
Verktøya du har tilgang til gjennom HVL har ulike nivå for datasikkerheit. Du finn meir informasjon og detaljar i brukarrettleiingane til kvart verktøy og i HVL si klassifisering i Lagring av data ved HVL. Forskingsdata som er klassifisert som anten raud (fortruleg/sensitiv) eller svart (strengt fortrulege) skal lagrast på HVL SILAF (forskingsserver) og ikkje brukast i KI. Sjå HVL forskingsetikk for meir informasjon om dette.
Personvern
Skal du dele personopplysningar med KI, må det gå fram av informasjon når forskingsprosjektet som blir meldt inn, vurdert og godkjent av SIKT. Eventuelle informantar må også informerast om bruken. Berre gule personopplysingar kan delast med KI verktøy (GPT UiO) som er tilgjengelege ved HVL. Sjå HVL personvern for meir informasjon. Copilot skal ikkje brukast til å handsame personopplysingar. Spør gjerne din personvernkontakt før du tek i bruk anonymiserte data, då eigne reglar kan gjelde. Sjekk også Sikt sine personverntenester for forsking.
Opphavsrett
Dersom du har tilgang til ein publikasjon som ligg bak betalingsmur, kan du ikkje dele denne med opne/kommersielle KI-verktøy. Dette gjeld for alle publikasjonar med mindre dei har ein lisens som opnar for slik deling. Du risikerer at innhaldet blir bygd inn i verktøyet slik at andre i neste omgang får tilgang til det, og dermed bryt gjeldande reglar for opphavsrett.
Minimering
Ver merksam på at KI-verktøy kan generere, analysere og predikere til dømes personsensitive opplysningar. Avstå frå omfattande bruk av KI-verktøy på sensitive område og aktivitetar som kan påverke andre forskarar og organisasjonar, som til dømes i fagfellevurdering, evaluering av forskingssøknader og liknande. Me tilrår generelt ei føre-var-tilnærming til bruk av KI i forsking.
2.4 Berekraft og demokrati
Bruk av KI i forsking og utvikling kan bidra til å løyse fleire samfunnsutfordringar, men forskaren og forskinga må sørge for at det skjer på mest mogleg miljøvennleg vis. Du bør ha ein kritisk undersøkande tilnærming til heile prosessen, frå eigen bruk av KI-verktøy til forsking på og utvikling av system og løysingar. Ver merksam på ressurs- og energiforbruk, og vel dei minst skadelege alternativa for samfunn og miljø. Gjennom forsking og formidling bør du også vurdere verknadane av KI i eit breiare samfunnsperspektiv: Påverknad på institusjonar, demokratiske prosessar og samfunnet som heilskap.
2.5 Hald deg oppdatert
Vi oppmodar forskarar ved HVL om å halde seg oppdatert og delta på kurs og kompetansehevingstiltak, både i regi av HVL og eksterne. Følg også med på nasjonale og internasjonale lovverk og retningslinjer om KI.
3. Hjelp og støtte
Søk hjelp og støtte ved å dele kunnskap og utvikle felles praksis i eige fagmiljø saman med kollegaer. Under finn du kontaktinformasjon til ulike einingar ved HVL som kan gje brukarstøtte innanfor ulike felt. Ikkje alle omtalar KI spesielt, men kan likevel svare på KI-relaterte spørsmål. Du kan og bruke Mime Chat (chatbot i nettlesarvindauget på hvl.no) for å få meir informasjon, rettleiing og svar på spørsmål.
- Brukarstøtte forskingsetikk: Forskingsetikk
- Brukarstøtte Biblioteket: Forskingsstøtte Biblioteket
- Brukarstøtte IT-hjelp: IT-hjelp
- Brukarstøtte eksamen: Kontakt eining for eksamen
4. Referansar og ressursar
HVL
- Kunstig intelligens ved HVL:
- HVL Rettleiingar for bruk av KI: https://www.hvl.no/kunstig-intelligens/rettleiingar
- HVL Forsking:
- HVL forskingsetikk: https://www.hvl.no/forsking/forskingsetikk/
- HVL Personvern og personopplysninger i forsking: https://www.hvl.no/forsking/forskingsetikk/handtering-av-personopplysningar-og-helseforskingsdata/
- HVL Biblioteket:
- Forskingsstøtte: https://www.hvl.no/bibliotek/forskingsstotte/
- Litteratursøk i forskingsprosjekt: https://www.hvl.no/bibliotek/forskingsstotte/Litteratursok-til-forskningsprosjekt/
- Forskingsetikk og personvern: https://www.hvl.no/bibliotek/skrive-og-referere/forskingsetikk-og-personvern/
- Referansar og litteraturlister: https://www.hvl.no/bibliotek/skrive-og-referere/referanseteknikk/
- Open Access publisering: https://www.hvl.no/bibliotek/forskingsstotte/publisering/open-access/
Samarbeid
- PhD On Track, Artificial Intelligence: https://www.phdontrack.net/open-science/AI.html
- Søk & skriv, Kunstig intelligens: https://www.sokogskriv.no/kunstig-intelligens/
- Søk & Skriv, Kunstig intelligens, Kildebruk: https://www.sokogskriv.no/kunstig-intelligens/#kildebruk
- Søk & Skriv, referansestiler: https://www.sokogskriv.no/referansestiler/apa-7th.html#kunstig-intelligens-f-eks-store-sprakmodeller-som-chatgpt-microsoft-copilot-mfl
Andre
- Sikt: Norsk APA-referansestil: https://sikt.no/norsk-apa-referansestil
- European Commission, Living guidelines on the responsible use of generative AI in research (First version, March 2024): https://research-and-innovation.ec.europa.eu/document/2b6cf7e5-36ac-41cb-aab5-0d32050143dc_en
- European Commission, The European Code of Conduct for Research Integrity by All European Academies (ALLEA): https://allea.org/code-of-conduct/
- European Commission, The Ethics Guidelines for Trustworthy AI: https://digital-strategy.ec.europa.eu/en/library/ethics-guidelines-trustworthy-ai
- European Commission, AI Act: https://digital-strategy.ec.europa.eu/en/policies/regulatory-framework-ai
- Authorship and AI tools | COPE: Committee on Publication Ethics
Våren 2024 kom KI koordineringssgruppa med Rettleiing for bruk av KI ved HVL, som svar på førespurnad frå Digitaliseringsrådet ved HVL. Desse tre rettleiingane vart utvikla:
- Kunstig intelligens og etikk
- Veiledning og råd til KI-støttet undervisning
- Rettleiingar og erklæring om samarbeid
Det har blitt spurt etter ei rettleiing om bruk av KI i forsking i tillegg, noko denne rettleiinga, presentert som høyringsutkast februar 2025, er eit svar på.
Denne rettleiinga har vore på høyring i KI koordineringsgruppa, Forskings- og innovasjonsutvalet, Forskingsetikkutvalet og ventar no på godkjenning i Digitaliseringsrådet ved HVL. Frist for høyringsinnspel var 20. mars 2025.