Informasjon om søknadsprosessen
Takk for at du vil søke jobb hos Høgskulen på Vestlandet. På denne sida er det samla informasjon om kva ein kan forvente i søknadsprosessen på ulike stillingar.
Behandling av søkarar
Kvalifikasjonsprinsippet
Kvalifikasjonsprinsippet inneber at den søkaren som etter ei heilskapsvurdering er best kvalifisert for stillinga, skal få tilbod om den. Utgangspunktet for vurderinga er krava som står i utlysingsteksten, og eventuelle lov – og avtalefesta krav. Prinsippet skal sikre at tilsettinga er sakleg begrunna og er lovfesta i statsansattelova § 3.
Funksjonsnedsetting
Dersom det er søkarar som oppgir å ha ei funksjonsnedsetting som krev tilrettelegging så skal minst ein slik søkar kallast inn til intervju. Det føreset at vedkommande er kvalifisert for stillinga.
Hol i CV
Dersom det er kvalifiserte søkarar med hol i cv-en skal minst ein kallast inn til intervju. Med hol i cv meinast at ein har vore utan arbeid, utdanning eller opplæring i til saman to år over dei siste 5 åra, jf. statsansattelova § 4.
Innvandrarbakgrunn
Dersom det er søkarar med innvandrarbakgrunn skal minst ein som er kvalifisert for stillinga kallast inn til intervju. Dette gjeld søkarar frå land utanfor EU/EFTA, Asia, Afrika, Sør – og Mellom-Amerika, samt Oseania utanom Australia og New Zealand. Med innvandrarbakgrunn meinast det at ein er fødd i utlandet og har innvandra til Norge, eller dersom begge foreldrene er utanlandsfødte og har innvandra til Norge, jf. statsansattelova § 4.
Søknadsprosessen: Teknisk-administrative stillingar
Døme på tekniske arbeidsområde: IT-ingeniørar, bygg og anlegg, vaktmeister, reinhaldar med meir.
Døme på administrative arbeidsområde: økonomi, kommunikasjon, studieadministrasjon og HR.
Søknadsprosessen for teknisk-administrative stillingar:
- Søk stillinga
- Førstegangsintervju
- Eventuelt andregangsintervju
- Innstilling
- Tilsetting
- Rekrutteringsprosessen tar normalt 1 -3 månader frå søknadsfrist til vedtak om tilsetting.
- Etter søknadsfristen mottar du informasjon om søkarlista og informasjon om prosessen.
- Dei søkarane som ut ifrå leiaren si vurdering er best kvalifisert blir kalla inn til intervju. Intervjupanelet er normalt samansett av leiar, fagrepresentant, tilsettrepresentant og representant frå HR.
- Etter intervju blir det innhenta referansar for kandidatar som vurderast innstilt.
- Leiar fremjar si innstilling til tilsettingsrådet ved Høgskulen på Vestlandet.
- Tilsettingsrådet gjer vedtak om tilsetting og rangering av kvalifiserte kandidatar.
- I samsvar med vedtaket blir tilbod sendt ut.
- Alle søkarane blir informerte om kven som blir tilsett i stillinga.
Søknadsprosessen: Vitskaplege stillingar
Dette er akademiske stillingar, som universitetslektor, førsteamanuensis, førstelektor, professor og dosent.
Søknadsprosessen for vitskaplege stillingar:
- Søk stillinga
- Vitskapleg vurdering
- Prøveundervisning og intervju
- Innstilling
- Tilsetting
- Rekrutteringsprosessen tar normalt 4 – 9 månader frå søknadsfrist til vedtak om tilsetting.
- Etter søknadsfristen mottar du informasjon om søkarliste og plan for prosessen.
- Det blir oppnemnt ein sakkyndig komité som blir bedt om å føreta ei fagleg vurdering av søknadane.
- Sakkyndig komite leverer sin uttalelse normalt innan tre månader.
- Søkarane får tilsendt komiteens uttalelse og blir gitt anledning til å komme med merknader innan to veker.
- Dei søkarane som ut ifrå komiteens vurdering blir rekna som best kvalifiserte, blir inviterte til intervju og prøveforelesing. Intervjupanelet er samansett av leiar, representant frå faggruppa, tilsetterepresentant og representant frå HR.
- Referansar blir innhenta for dei kandidatane som vurderast innstilt.
- Leiar fremmar si innstilling ovanfor tilsetjingsutvalet
- Tilsetjingsutvalet fattar vedtak om tilsetting og rangering av kvalifiserte kandidatar.
- Tilbod blir sendt ut om tilsetting i samsvar med vedtak.
- Alle søkarane blir informerte om kven som er tilsett i stillinga
Søknadsprosessen: Stipendiat og postdoktor
Ei stipendiatstilling er ei doktorgradsutdanning med sjølvstendige forskingsoppgåver, som skal munne ut i ei doktorgrad. Tilsettingsperioden er på 3–4 år, avhengig av om stillinga inneheld undervisnings- og rettleiingsoppgåver.
Postdoktor er ei vitskapeleg stilling for ein person med doktorgrad som ønsker å kvalifisere seg for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Tilsettinga er i åremål på 3–4 år for å gjennomføre eit godkjent forskingsprosjekt.
Søknadsprosessen for stipendiat og postdoktorstillingar:
- Søk stillinga
- Søknaden vurderes av fagleg komitê
- Intervju og eventuelt presentasjon
- Innstilling
- Tilsetting
- Rekrutteringsprosessen tar normalt 3-6 månader frå søknadsfrist til vedtak om tilsetting.
- Etter søknadsfristen mottar du informasjon om søkarliste og plan for prosessen.
- Det blir oppnemnd ein sakkyndig komité som gjer ei fagleg vurdering av søknadane.
- Sakkyndig komite leverer si uttalelse normalt innan ein måned.
- Søkarane får tilsendt komiteens rapport.
- Dei søkarane som ut ifrå komiteens vurdering blir rekna som best kvalifiserte, blir inviterte til intervju. Her kan du bli bedt om å presentere prosjektskissa eller plan for postdoktorperioden. Intervjupanelet er samansett av leiar, representant frå sakkyndig komité, tilsettrepresentant og representant frå HR.
- Referansar blir innhenta for søkarane som vurderast innstilt for tilsetting.
- Leiar legg fram si innstilling for tilsetjingsutvalet
- Tilsetjingsutvalet fattar vedtak om tilsetting og rangering av kvalifiserte kandidatar.
- Tilbod om tilsetting blir sendt ut i samsvar med vedtaket
- Alle søkere blir informert om kven som blir tilsett i stillinga.
Offentleggjering av søkarlister
I henhold til offentleglova § 25 kan opplysningar om søkar bli offentleggjort sjølv om søkar har anmoda om å ikkje på bli oppført på offentleg søkarliste. Dersom anmodninga ikkje blir teke til følgje vil søkar bli varsla om dette. Søkarar til ledig stilling har rett på informasjon om samtlege søkarar samanfatta i utvida søkarliste, i hht forvaltningslova § 15. Dette blir gjort tilgjengeleg for søkarane i Jobbnorge.
Mangfald og inkludering
I tråd med statens personalpolitikk har Høgskulen på Vestlandet ei brei og inkluderande tilnærming til rekruttering. Vi ønsker å hindre frafall og auke sysselsettinga av personar med nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn og hol i cv'en. Dersom du vurderer stillinga som interessant for deg oppfordrar vi deg til å søke, uavhengig av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller om du i ei periode har vore utanfor arbeidslivet.
Utdanningsfagleg kompetanse