Vitnemål, karakterutskrift og autorisasjon

Digitalt signert vitnemål og Diploma Supplement

Vitnemålet ditt frå HVL blir gjort tilgjengeleg digitalt med digital signatur. Du får ein e-post når vitnemålet er klart og du kan laste det ned i Studentweb og i Vitnemålsportalen. Du opnar dokumentet i Adobe Reader, der det er mogeleg å verifisere den digitale signaturen. 

Dersom du har hatt praksisopphald i utlandet, der dette ikkje gir studiepoeng og/eller deltakelse i internasjonaliseringsaktiviteter heime, vil dette kome med på vitnemålet.

Saman med vitnemålet får du eit Diploma Supplement, eit vitnemålstillegg på engelsk som du kan bruke ved søknad om utdanning og arbeid i utlandet. Det beskriv utdanninga du har tatt og det norske utdanningssystemet. Det digitalt signerte vitnemålet og Diploma Supplement er berre gyldig i digital form.

Når du fullfører studiet ditt vil vitnemålstildelinga skje automatisk. Vi tar omsyn til ettersendingsfristen for vidare studium 1. juli for dei studia der det er aktuelt. 

Studentar på vidareutdanningar får ikkje vitnemål, men kan bestille ei digital karakterutskrift.

Vitnemål vert berre produsert ein gong. Tar du ny eksamen etter å ha mottatt vitnemål for fullført utdanning, dokumenterer du det frå Vitnemålsportalen eller med karakterutskrift som du bestiller i Studentweb. Fram til 2021 vart alle vitnemål skrivne ut på papir. Sjå informasjon om duplikat av papirvitnemål nedanfor.

Søker du om opptak til vidare utdanning i Norge eller i utlandet?

Søker du opptak til ein annan høgre utdanningsinstitusjon i Noreg, blir eksamensresultata dine normalt utveksla automatisk. Du er sjølv ansvarleg for å sjekke om den institusjonen du søker opptak til har tilgang til resultata dine frå HVL.

Skal du søke opptak ved ein utanlandsk utdanningsinstitusjon eller arbeid utanfor Noreg og det er krav om vitnemål og Diploma supplement på papir? Då kan du bestille papirvitnemål via dette kontaktskjemaet. Papirvitnemålet blir sendt til heimstadadressa du har registrert i Studentweb, så hugs å oppdatere den der.

Autorisasjon for sjukepleie

Har du bachelor i sjukepleie frå etter 1. januar 2023  kan du nytte forenkla søknadsprosess i Tenesteportalen for søknaden din om autorisasjon. Du kan sende søknad når HVL har kvalifisert deg med oppnådd grad i Vitnemålsportalen. HVL kvalifiserer deg etter siste senusurfristdato i graden din.

Autorisasjonen gjeld frå siste sensurfristdato. 

Sjå informasjon om korleis du søkjer om autorisasjon via Tenesteportalen. 

Dersom du er utdanna som sjukepleiar før 1. januar 2023 kan du ikkje søke via Tenesteportalen, men du må søke om autorisasjon via søknadskjema i Altinn.

Sjå informasjon om søknad i Altinn på Helsedirektoratet sine sider.

Autorisasjon for bioingeniør, vernepleie, ergoterapi, radiografi eller jordmor

Når du er ferdigutdanna på bioingeniør, vernepleie, ergoterapi, radiografi eller jordmor, vil HVL melde inn til Helsedirektoratet at du skal ha autorisasjon. Dette gjer vi når vi har produsert vitnemålet ditt, kort tid etter at siste sensur i graden din er satt. Du får ein epost frå oss når dette er gjort.

Høgskulen ordnar gratis turnuslisens til avgangsstudentar på fysioterapi. 

  • Sjekk at profilen din på Altinn har korrekt telefonnummer og e-post, slik at du får varsel når du mottar brev i Altinn.
  • For å få autorisasjon må du betale eit gebyr via Altinn. Du får e-post frå Altinn med beskjed om å logge inn og betale og må betale innan 60 dagar.
  • Autorisasjonen gjeld frå datoen graden er oppnåddog vert oppretta i Helsepersonellregisteret så snart gebyret er betalt. 
  • Du får ikkje beskjed om vedtak frå Altinn, men må sjølv slå opp i Helsepersonellregisteret og eventuelt ta utskrift derfrå.
  • Dersom du ikkje betalar innan 60 dagar må du sjølv søkje om autorisasjon og handsamingstida er inntil 3 månadar frå du sender søknad. Du får ikkje purring frå Altinn. Merk at gebyret til Altinn er mykje høgare dersom du vel denne løysinga.

Spesialistgodkjenning for klinisk allmennsjukepleie

Sjukepleiarar med mastergrad i avansert klinisk allmennsjukepleie kan søkje om offentleg spesialistgodkjenning.

Sjå meir informasjon om søkeprosessen

Vitnemålsportalen

Vitnemålsportalen er ei digital, gratis teneste der du sjølv kan hente ut og dele resultata dine frå høgare utdanning med potensielle arbeidsgivarar og andre.

Når du loggar deg på Vitnemålsportalen blir resultata dine henta direkte frå HVL sin database. I Vitnemålsportalen genererer du ei lenke som du enkelt kan sende til den/dei du ynskjer. For å sjå resultata må mottakaren ha ein kode.

I Vitnemålsportalen kan du:

  • laste ned det digitale vitnemålet ditt
  • velge kva resultat du ynskjer å dele.
  • få tilgang til karakterar frå fleire studiestader dersom du har dette.
  • bestemme kor lenge lenka skal være aktiv (inntil eitt år) og du har til ei kvar tid mogelegheit til å gjere lenka ugyldig.
  • dele resultat direkte i enkelte rekrutterings-/jobbsøkingsplattformar.

Sjå ei trinnvis forklaring på Vitnemålsportalen sine sider. 

Karakterutskrift

Treng du karakterutskrift, bestiller du det i Studentweb. Dersom du ikkje har aktiv studierett ved HVL, loggar du på med ID-porten. 

Gå til menyvalget «Bestillingar» i Studentweb og vel «Digital karakterutskrift». Innan kort tid finn du karakterutskrifta under «Dokument». Du kan få karakterutskrifta på bokmål, nynorsk eller engelsk. 

Ei digitalt signert karakterutskrift er gyldig så lenge sertifikatet er gyldig, normalt i 2 år.  Karakterutskrift med digital signatur er berre gyldig i digital form, den er ikkje gyldig om du skriv den ut på papir.  

Oppgåvetittel på bachelor- eller masteroppgåve

For at tittelen på bachelor- eller masteroppgåva skal bli med på vitnemålet ditt, må du sjølv legge den inn i Studentweb.

Det er lurt å ha ein god tittel på oppgåva di, slik at vitnemålet ditt kan gi nyttig og meiningsfull informasjon til framtidige arbeidsgivarar om kva tema du har spesialisert deg i.

Har du anna utdanning som du trur passar inn i studieløpet ditt ved HVL?

Dersom du har tatt delar av utdanninga di ved ein annan institusjon, men skal ha vitnemål frå HVL, må du få godskrive den andre utdanninga i graden din ved HVL. Det same gjeld dersom du endrar studieprogram innad på HVL og ynskjer å bruke emne frå det eine studieprogrammet inn i det nye studieprogrammet ditt. 

Sjå informasjon her om godskriving av utdanning

For mange studiepoeng i utdanningsplanen?

Utdanningsplanen omfattar berre emna du treng for å oppnå ein grad. Har du fleire valfag/emne enn dette i utdanningsplanen din, ta kontakt med studierettleiar. Emna i utdanningsplanen din kjem med på vitnemålet. Ei karakterutskrift kan vise andre emne. 

Dersom du ikkje tek kontakt, avgjer HVL kva emne som skal vere med på vitnemålet. Du kan ikkje byte emne etter at vitnemål er produsert. 

Klage på karakter for ferdigutdanna

Dersom du klagar og får endra karakter, må nytt vitnemål produserast. Du får e-post frå Høgskulen på Vestlandet når nytt digitalt vitnemål er produsert og kan lastas ned. Dersom du har fått papirvitnemål, må du returnere vitnemålet ditt før ny sensur blir publisert og nytt papirvitnemål kan produserast. Skulle du stryke etter klage, vil du miste graden og eventuelt autorisasjonen din. 

Namneendring

Dersom du endrar namn medan du er student ved HVL, er du sjølv ansvarleg for å dokumentere dette i god tid, slik at du får rett namn på vitnemålet. Les om namneendring. 

Duplikat av papirvitnemål

Fram til 2021 vart alle vitnemål skrivne ut på papir. Ved tap av papirvitnemål kan høgskulen etter søknad og mot betaling som oftast skrive ut duplikat av tildelt vitnemål. Eit duplikat kostar kr 1000. Du kan bestille duplikat via kontaktskjemaet vårt. Sørg for at vi har den rette heimeadressa di og oppdater denne via Studentweb. Om du ikkje har ein aktiv studierett ved HVL, loggar du på med ID-porten. Vi gjer merksam på at det kan ta noko tid før du får duplikatet. 

Vart karakteruttrykket i emnet ditt endra pga. koronapandemien?

Dersom karakteruttrykket på eksamen vart endra frå A-F til bestått/ikkje bestått i pandemiåra 2020-2022 vil i utgangspunktet den bokstavkarakteren (A-F) du har fått tidlegare eller kan få seinare dersom karakterutrykket på emnet blir endra i eit seinare semester, bli rekna som beste karakter. Dersom du i staden ynskjer at karakteren bestått skal stå på vitnemålet ditt kan du gi beskjed til oss om det.  

 

Har du spørsmål?
Ta kontakt med eksamenskontoret, så svarer vi deg så fort vi kan.