12 millionar frå Norges forskingsråd
Med denne tildelinga kan BARNkunne jobbe vidare med å styrke samspelet mellom barnehagelærarutdanninga, forskingsmiljøet og barnehagane.
Publisert 24. juni 2021
Professor Elin Eriksen Ødegaard tok initiativ til EX-PED-LAB i 2019 som eit sentralt tiltak for å realisere mål om berekraftige praksisar i barnehage, barnehagelærar-utdanning og i forsking. No har prosjektet fått 12 millionar kroner frå Norges forskningsråd.
Elin Eriksen Ødegaard og Johanna Birkeland står i spissen for prosjektet med tittelen «Sustainable design in kindergarten sector through Exploration and Pedagogical Innovation Laboratory».
Kunnskap om utforskande prosessar
– Tidlegare forsking har vist at det er stor variasjon i den norske barnehagekvaliteten. Medan det daglege arbeidet med barna sluker all tida og merksemda til dei tilsette, blir dei samstundes forventa å utvikle seg og å fornye seg. Barnehagen er det første steget ut i kunnskapssamfunnet for barna, og dermed avgjerande for kva grunnlag dei får for å bli gagns og deltakande menneske som skaper framtidas samfunn, seier ho.
Kva er utforsking, og korleis kan kunnskap om utforskande prosessar drive pedagogisk innovasjon i barnehagen? Dette har vore eit sentralt spørsmål for forskarane Elin Eriksen Ødegaard, Johanna Birkeland og fleire andre ved senteret BARNkunne i lang tid.
Leik, fantasi og draumar
Gjennom det nye prosjektet, vil dei nytte ein verkstadmodell for å skape ny kunnskap om dette i lag med partnarar frå fleire andre sektorar. Dei kallar det «ein utvida arena for kollektiv refleksjon», og eit mål for metodane dei utviklar der er at barnehagepersonalet skal bli meir utforskande og leikande i lag med barna.
– Leik, fantasi og draumar er sjeldan del av forskingsverda elles, men i forskinga vår er dette heilt sentrale tema når vi jobbar med pedagogisk innovasjon, seier Ødegaard.
Forskarane frå HVL skal samarbeide med barnehagar i Bergen og Kinn kommune, den private barnehageeigaren Kanvas, organisasjonen Kunstpilotene frå Bergen og Designskolen Kolding i København. Til saman skal desse ulike aktørane kombinere kunnskapen sin innan ulike felt for å komme med nye svar.
- Arkitektur og pedagogikk skal møtast for å auke graden av sosial inkludering og godt samarbeid mellom foreldre og barnehage, mellom anna, seier Ødegaard.
Desse svært ulike aktørane kjem til å ha ein serie med workshops saman. Der vil dei jobbe med problem i barnehagen som kjennest gjenstridige: Barn som fell utanfor leiken av ulike årsaker, mangel på kunnskap om alle barna, og foreldresamarbeid som kan bli spesielt utfordrande i miljø prega av mangfald i foreldregruppa.
Systematisk observasjon og oppretting av ny barnehage
- Gjennom doktorgradsarbeidet mitt avdekka eg at mange barnehagar ikkje bruker systematisk observasjon for endring og utvikling av pedagogisk praksis. Dette blir utfordra gjennom prosjektet vårt, seier Birkeland.
Eit viktig mål for prosjektet blir å styrke samspelet mellom barnehagelærarutdanninga, forskingsmiljøet og barnehagane. Som ein del av prosjektet, kjem dei til å vere med på utforminga av ein ny barnehage i Bergen, Damsgårdsundet barnehage.
– Å få komme inn som forskar og vere med på utviklinga av ein ny barnehage, er spesielt og nytt. Vi ser veldig fram til å få gjere dette i lag med kunstnarar, arkitektar og barnehagearbeidarar! seier Ødegaard.