Kvilerom, ammerom og stellerom

Høgskulen tilbyr rom for studentar som treng å kvile seg eller amme. Du er velkommen til å bruke kvileromma ein avgrensa periode i løpet av dagen. Det skal berre vere ein person på kvilerommet om gongen.

Kvileromma kan ikkje reserverast, men i eksamensperioden har administrasjonen høve til å reservere rom på vegner av studentar med særskilde behov. Treng du tilrettelegging?

Bergen

Desse kvileromma på Kronstad blir nytta av studentar og tilsette:

  • B225, Kronstad 1 (liggebenk og stol)
  • L232, Kronstad 1 (liggebenk og stol)
  • D432, Kronstad 1 (liggebenk og stol)
  • F403, Kronstad 1 (stol)
  • M161, Kronstad 2 (liggebenk og stol)

Bruk studentkort for tilgang til rommet. Det er skilt på døra som viser om rommet er ledig eller opptatt. 

Det er stellefasilitetar for baby på desse handicaptoaletta:

Haugesund

Rom 1044 er kvilerom for studentar i Haugesund som treng å kvile seg eller amme. Det same rommet kan du òg bruke som stellerom.

Sogndal

Rom for studentar i Sogndal som treng å kvile seg eller amme:

  • Høgskulebygget, 3. etasje (du kan låne nøkkel i Servicetorget)
  • Fossbygget, 3. etasje

Stord

Du er velkommen til å bruke UND119 på Stord som kvilerom om du treng ein liten kvil eller ro til å amme. Heng opptatt-skiltet på døra og snu det når du forlèt rommet. Døra har lås.

Stellerom finn du på UND135.