Tilrettelegging

Har du behov for spesiell tilrettelegging av studiesituasjonen? Vi kan hjelpe deg med ulike typar tilrettelegging for å gi deg ein best mogleg studiekvardag. Ta kontakt med oss for å sjå på moglegheiter for å få tilrettelagt studieplanen og/eller praksisplassen din.

Det kan vere ulike årsakar til behov for tilrettelegging, for eksempel kort- eller langvarig sjukdom/skade, funksjonshemmingar, lese- og skrivevanskar, graviditet/amming, toppidrett med meir.

Vi har som eit overordna mål å tilrettelegge på ein slik måte at flest mogleg kan gjere seg nytte av studietilboda våre. Informer oss om tilretteleggingsbehov så tidleg som mogleg!

Studieveiledning og rådgivning

Som student ved HVL kan du få hjelp og råd innanfor ulike område. Finn ut kven du kan snakke med: Studie- og karriererettleiing