Pris for utdanningskvalitet

HVL deler årleg ut pris for utdanningskvalitet. Prisen anerkjenner fagmiljø eller enkeltpersonar som har gjort ein markert innsats i arbeidet for å utvikle kvaliteten på utdanningane ved HVL.

Statuttar for tildeling av prisen:

  1. HVL sin pris for utdanningskvalitet er ein årleg pris som er oppretta for å gi anerkjenning til fagmiljø eller enkeltpersonar som har gjort ein markert innsats i arbeidet for å utvikle den samla utdanningskvaliteten innan
    eit fagområde eller eit studium ved Høgskulen på Vestlandet.

  2. Ved tildeling av prisen skal det leggast vekt på systematisk innsats for å utvikle kvalitet i utdanninga og god tilrettelegging for studentane sitt læringsarbeid. Det blir lagt vekt på god evne til undervisning og samhandling med studentane, og bruk av nyskapande, varierte og studentaktive arbeids- og vurderingsformer. Systematisk arbeid med mellom anna forskingsbasert undervising, internasjonalisering og studentevaluering vil også kvalifisere for prisen, i tillegg til innsats for eiga fagleg og pedagogisk utvikling. 

  3. Alle tilsette, studentar og formelle høgskule- og studentorgan kan kome med framlegg til kandidatar. Forslaga må vere grunngjevne for å bli vurdert. For å få fram breidda i fagmiljøet eller enkeltpersonen ein ynskjer å nominere, er det ein fordel med felles nominasjon frå studentar, tilsette og/eller formelle høgskule- og studentorgan.

  4. Utdanningsutvalet oppnemner ein jury som får fullmakt til å vurdere søknadane og gjere vedtak om kven som skal få prisen. Juryen skal bestå av ein student, ein vitskapleg tilsett og ein prodekan for utdanning frå Utdanningsutvalet. Juryen skal også ha eitt eksternt medlem. I tillegg skal det vere to studentar frå Læringsmiljøutvalet ved HVL. Prorektor for utdanning ved HVL leder juryen og Avdeling for utdanningskvalitet har sekretariatsfunksjonen. Dersom det vert vurdert at det ikkje er kvalifiserte kandidatar vert ikkje prisen delt ut.

  5. Prisen består av ein pengesum, for tida kr 75.000, og ein diplom. Prispengane skal brukast til tiltak som fremjar kvaliteten i undervisning og læringsarbeid, og kjem i tillegg til andre midlar. Prisvinnaren skal informere Utdanningsutvalet om kva midlane er brukt eller planlagt brukt til før neste prisutdeling. Prisvinnaren vil vere blant HVL sine kandidatar til HK-dir sin nasjonale utdanningskvalitetspris.

  6. Prisen blir utdelt i eit digitalt felles prisutdelingsarrangement ved HVL i desember kvart år.

  7. Prisen blir lyst ut i september kvart år og fristen for å kome med forslag på kandidatar blir sett til seinast halvannan månad før utdelinga i desember. Utlysinga av prisen skal kunngjerast med ein felles tekst på nettsidene til HVL, i canvas til studentar og via sosiale media.

Utdanningskvalitetsprisen - prisvinnarar

2023

Her kan du sjå prisutdelinga med takketale frå vinnaren 2023: 

2022

bilde av Knut Eriksen Eide

Knut Eriksen Eide

Høgskulelektor

Meir om vinnaren i denne nyhendesaka frå HVL 2022.

2021

Tverrfagleg lærargruppe på campus Førde

Marcin Fojcik, Toril Midtbø, Joar Sande, og Lars Kyte tok imot prisen på vegne av lærargruppa frå campus Førde. Også med i gruppa er Olav Sande, Bjarte Pollen og Pål A. Hegland. Nyhendesak HVL 2021.  

2020

bilde av Irina Pavlova

Irina Pavlova

Førstelektor

Irina Pavlova fekk Utdanningskvalitetsprisen 2020. Nyhendesak HVL 2020.

2019

bilde av Katrine Aasekjær

Katrine Aasekjær

Førstelektor

Katrine Aasekjær fekk Utdanningskvalitetsprisen 2019. Nyhendesak HVL 2019.