Roller med ansvar for arbeidet med kvalitet
Her er ei oversikt over ansvaret ulike roller og funksjonar har for det systematiske arbeidet med kvalitet i utdanningane.
- Rektor
- Prorektor for utdanning
- Prorektor for forsking
- Prorektor for regional utvikling
- Dekanat
- Instituttleiing
- Fagansvarleg for ph.d.-program
- Studieprogramansvarleg for utdanningar på bachelor- og masternivå
- Emneansvarleg
- Studentar
- Studentdemokratiet
- Tilsette
- Administrative tenester
- Samfunns- og arbeidsliv
Rektor
- Har eit overordna ansvar for arbeidet med kvalitet i utdanningane og studentane sitt læringsmiljø.
- Rapporterer til styret om det systematiske arbeidet med kvalitet.
Prorektor for utdanning
- Har eit strategisk ansvar for utviklinga av høgskulen sine utdanningar
- Skal ivareta og vidareutvikle system og rammer for utdanningskvalitet som støtter opp under fakulteta sitt arbeid med kvalitetsutvikling av utdanningane
- Ansvar for strategisk utvikling i HVL av utdanningstilbod i eit livslangt læringsperspektiv
- Skal vere ein pådrivar for utvikling og fornying av studietilbod, utdanningskvalitet og læringsmiljø i samarbeid med fakulteta og i samsvar med institusjonen sine strategiar og vedtak
- Skal koordinere verksemda innanfor utdanningsområdet og sørgje for effektiv administrasjon og drift av høgskulen sitt samla studietilbod.
- Leiar utdanningsutvalet ved HVL og er medlem av eller leiar av læringsmiljøutvale
Prorektor for forsking
- Har ansvar for strategisk utvikling av fou- verksemda i HVL
- Har ansvar for å styrke samanhengane mellom forsking og utdanning
- Skal vere pådrivar for internasjonalisering i utdanning og forsking
- Leiar det sentrale ph.d.-utvalet og forskings- og innovasjonsutvalet.
- Har ansvar for arbeidet med kvalitet i studieprogram på ph.d.-nivå
Prorektor for regional utvikling
- Har ansvar for å vidareutvikla eksternt samarbeid, styrke høgskulen sin posisjon i regionen, synleggjere HVL som en vesentleg kunnskaps- og kompetanseaktør og bidra til at høgskulen er ein attraktiv samarbeidspartnar for privat næringsliv og offentlege verksemder.
- Har ansvar for HVL sitt samla arbeid med vidareutvikling av fem berekraftige campus.
Dekanat
- Leiar arbeidet med å utvikle fakultetet sine utdanningstilbod på alle nivå
- Har ansvar for at utdanningsprogram held høg kvalitet og at studentane sitt læringsmiljø er fullt ut tilfredsstillande.
- Skal sikre at fakultetet sine utdanningar er tilpassa samfunnet og den einskilde sitt behov for livslang læring.
- Har det overordna ansvaret for arbeidet med kvalitet i fakulteta og for strategisk utvikling av studieporteføljen ved fakultetet
- Har det overordna ansvaret knytt til gjennomføring av ph.d.-utdanning i fakultetet.
- Rapporterer til rektor om det systematiske arbeidet med kvalitet i fakultetet
Instituttleiing
- Har ansvar for arbeidet med kvalitet i instituttet og ser til at dette blir gjennomført i tråd med systemet for arbeid med kvalitet i utdanningane ved HVL
- Har ansvar for fagleg kvalitet i utdanning og forsking innanfor instituttet sine fagområde
- Leiar arbeidet med å tilpasse instituttet sine fagområde til samfunnets behov og utvikle utdanningstilbod på bachelor- og masternivå, og bidra i arbeidet med utdanningstilbod på ph.d.-nivå
- Arbeider for godt arbeids- og læringsmiljø på instituttet
Fagansvarleg for ph.d-program
- Er administrativ og fagleg leiar for ph.d.-program og rapporterer til dekanatet
- Leiar arbeidet med kvalitet på ph.d. programmet og ser til at dette blir gjennomført i tråd med systemet for arbeid med kvalitet i utdanningane ved HVL, inkludert særskilte krav til ph.d.-program
Studieprogramansvarleg for utdanningar på bachelor- og masternivå
- Har overordna ansvar for vidareutvikling av utdanningsprogrammet, sikring av høg fagleg kvalitet og god gjennomstrøyming
- Ansvar for at utdanningsprogramma tilfredsstiller forskrifter og rammeplanar, og oppfølging av krava i HVL sitt system for arbeid med kvalitet i utdanningane
- Overordna ansvar for praksisopplæringa i studia
- Overordna ansvar for at studentane sitt læringsmiljø er fullt ut tilfredsstillande
- Skal legge til rette for internasjonalisering, digitalisering og nyskaping i utdanningane
- Har eit koordineringsansvar for studieprogram med fleire campus og samarbeid på tvers av campus
- Rapporterer i samsvar med fakultetet sin organisering og delegasjonsmynde
Emneansvarleg
- Leiar arbeidet med kvalitet på emnet og ser til at dette blir gjennomført i tråd med systemet for arbeid med kvalitet i utdanningane ved HVL
- Har eit koordineringsansvar for emne med fleire faglærarar og samarbeid på tvers av campus
- Rapporterer i samsvar med fakultetet sin organisering
Studentar og ph.d.-kandidatar
- Studentar og ph.d.-kandidatar medverkar i kvalitetsutviklinga i studie- og læringsmiljøet, både som enkeltpersonar, som tillitsvalde, eller som medlem i råd, utval eller linjeforeiningar
Studentdemokratiet
- Studenttinget på Vestlandet er det øvste studentpolitiske organet ved HVL, og vedtek overordna politikk på vegne av alle studentane ved HVL. Studentdemokratiet er organisert med tillitsvalte på klasse, institutt, fakultets og campusnivå
- Studentane er representerte i alle råd og utval som arbeider med læringsmiljø og kvalitet i utdanningane, i tråd med UH-lova
- Studenttinget og studentråda har ansvar for at det blir gjennomført opplæring av alle studenttillitsvalde.
- Studenttinget og studentråda har ansvar for at det blir gjennomført opplæring av alle studenttillitsvalde. Sjå meir informasjon i handboka for studenttillitsvalde.
Tilsette
- Tilsette medverkar til utviklinga av kvalitet ved høgskulen i kraft av sin funksjon, eller som medlem av råd, utval eller fagorganisasjon
Administrative tenester
- Administrative leiarar for einingar i fellesadministrasjonen har ansvar for utvikling og kvalitetssikring av tenester i sine einingar
- Administrative leiarar i fakulteta har ansvar for utvikling og kvalitetssikring av tenester i sine einingar.
- Det skal vera studieadministrativ støtte knytt til alle studieprogramråd
Samfunns- og arbeidsliv
- Samfunn- og arbeidsliv medverkar til utviklinga av kvalitet i utdanningane ved å delta i høgskulestyret og råd og forum på fakultets og studieprogramnivå