Styre, råd og utval med ansvar for kvalitet
HVL har ei rekke råd og utval som i ulik grad har ansvar for det systematiske arbeidet med kvalitet i utdanningane. Her er oversikt over kva ansvar dei har i dette arbeidet.
- Høgskulestyret
- Læringsmiljøutvalet
- Utdanningsutvalet
- Sentralt ph.d.-utval
- Fakultetsråd og utdanningsutval ved fakultet
- Studieprogramråd
- Ph.d.-programutval
Høgskulestyret
- Styret har det overordna ansvaret for arbeidet med kvalitet ved HVL og for strategisk utvikling av den totale studieporteføljen
- Har det overordna ansvaret for arbeidet med kvalitet ved HVL og for strategisk utvikling av den totale studieporteføljen på alle nivå.
- Har det overordna ansvaret for at læringsmiljøet på institusjonen er fullt forsvarleg ut frå ei samla vurdering av omsynet til studentane sin helse, sikkerheit og velferd.
- Vedtar større endringar i og revisjon av system for arbeid med kvalitet i utdanningane
- Vedtar lokale forskrifter, instruksar og mandat for styre, råd, utval og funksjonar med ansvar og oppgåver i systemet for arbeid med kvalitet i utdanningane
- Godkjenner årsrapport for HVL inkludert resultatoppfølging og planlegging knytt til kvalitet i utdanningane
Læringsmiljøutvalet
- Læringsmiljøutvalet Skal bidra til at føresegnene om Læringsmiljø i UH- lova blir følgt, og sikre studentane sin medverknad i prosessar som påverkar læringsmiljøet
Utdanningsutvalet
- Utdaningsutvalet skal drøfte, belyse og gje råd til rektor i strategiske og politiske utdanningssaker.
- Bidra til å sikre at utdanningar og studieprogram har høg kvalitet, samfunns- og arbeidslivsrelevans, byggjer HVL sin faglege profil og støttar opp strategisk utvikling knytt til internasjonalisering, forskingsbasert utdanning og livslang læring.
- Gje råd om tiltak for studentrekruttering
- Vurdere, følgje opp og gje råd om tiltak som tek i vare og vidareutviklar system og rammer for utdanningskvalitet
- Akkreditere nye studieprogram med eit omfang på over 60 studiepoeng innanfor fagområde der høgskulen kan tildele doktorgrad, samt godkjenne nye studieplanar over 60 studiepoeng (delegert mynde frå styret)
- Fatte vedtak etter eventuell delegasjon frå styret eller rektor i utdanningssaker
Sentralt ph.d.-utval
- Skal vere strategisk, samordnande og rådgivande organ for styret og leiinga ved institusjonen når det gjeld ph.d. - utdanning ved HVL.
- Skal utarbeide og forvalte felles retningslinjer og rutinar i samsvar med forskrift for graden philosophiae doctor (ph.d.) ved Høgskulen på Vestlande
Fakultetsråd og utdanningsutval ved fakultet
- Er rådgivande for dekan om det systematiske arbeidet med kvalitet i emne, studieprogram og studieportefølje, den utdanningsfaglege kompetansen og læringsmiljøet ved fakultetet.
Studieprogramråd
- Er rådgivande til studieprogramansvarleg og fakultetsleiing om utvikling av kvaliteten i studieprogrammet/-a og læringsmiljøet ved studieprogrammet
Ph.d.-programutval
- Er rådgivande for dekan i saker knytt til den aktuelle ph.d-utdanninga
- Initierer tiltak for å kvalitetssikre og -utvikle ph.d.-utdanninga på emne- og studieprogramnivå
- Godkjenner endring i studieplan innanfor ramma av akkreditering