Avdeling for samfunnskontakt, arbeidsliv og livslang læring
Avdelinga skal vere pådrivar for å vidareutvikla eksternt samarbeid, styrke høgskulen sin posisjon i regionen og synleggjere HVL som ein vesentleg kunnskaps- og kompetanseaktør.
Avdelinga skal bidra til at våre fagmiljø er attraktive samarbeidspartnarar for privat næringsliv og offentlege verksemder. Avdelinga vil få eit særskilt ansvar for å støtte fakulteta sitt arbeid med å utvikle studietilbod i eit livslangt læringsperspektiv, og tilby fleksible utdanningar. Avdelinga har vidare ansvar for støtte til planlegging, synleggjering og gjennomføring av interne og eksterne arrangement og konferansar i HVL.
Prorektor for regional utvikling Geir Kåre Resaland har det overordna ansvaret for samfunnskontakt, arbeidsliv og livslang læring ved HVL.