Stabseining for styresekretariat og verksemdstyring
Eininga er etablert for å svare på behov for ein meir heilskapleg og samla tilnærming til verksemdstyring og styringsstøtte i HVL.
Eininga har prosess-, koordinerings- og utviklingsansvar for styringsstøtte og verksemdsstyring. Det inneber m.a.:
- Utvikle og følgje opp strukturerte plan og styringsprosessar – inkludert rapportering og risikovurdering
- Legge til rette for arbeidet i styret og toppleiing og følgje opp vedtak i styret og rektorvedtak.
- Analyse og utredningsarbeid i samarbeid med andre einingar i HVL
- Koordinere og initiere berekraftsarbeid i HVL
- Generell støtte til toppleiargruppa
Staben har saks- og prosjektansvar for styret og toppleiing innan verksemdstyring, og er det faglege rådgjevingsmiljøet innan verksemdstyring for rektor, og toppleiinga med deira linjer.
Eininga er leia av Bjørg Kristin Selvik.
Tilsette ved Stabseining for styresekretariat og verksemdstyring
Rektors stab og Styresekretariatet
For praktiske spørsmål relatert til rektor og prorektorer kontakt Lene Merethe Ulvestad.
For spørsmål relatert til saksforberedelser og oppfølging av saker for høgskulestyret og Toppleiinga og rektoratet, kontakt
Verksemdstyringsstøtte
Staben har systematisk og strukturert etats- og verksemdstyring som ansvarsområde. I dette ligg både konkret saksansvar, leiarstøtte og systemutvikling.
Staben har funksjonsansvaret for forum for verksemdstyring, som er eit diskusjons- og informasjonsdelingsforum for verksemdstyring med representantar frå fellesadministrasjon og fakulteta.
Du kan kontakte Marit, Jan Ove eller Einar viss du har spørsmål om etatsstyring, (som årsrapport, oppfølging av indikatorar og parameter, tilstandsrapport, tildelingsbrev eller etatsstyringsdialogen), eller om verksemdstyring (som internrevisjon, plansystem, føringsbrev, dialogmøter eller digital verksemdstyring).
Kontakt:
Berekraft
Faggruppe for berekraft har ansvar er å bidra til å operasjonalisera den delen av strategien til HVL som gjeld berekraft, for alle fagmiljø, på tvers av fakulteta, og i drift og administrasjon.
Arbeidet me gjer er i samarbeid med fakulteta og fellesadministrasjonen og leiinga i HVL, og me jobbar og med eksterne samarbeidspartnarar med prosjekt og kopling til HVL relatert til berekraft.
Me har òg ansvar for klima- og berekraftrapportering, og å fylgja opp miljøsertifiseringa (Miljøfyrtårn).
Ein viktig del av arbeidet vårt er å formidla berekraftarbeidet som skjer i HVL. Det skjer til dømes i podkasten 17- målspodden, ulike arrangement, og i gjennom samarbeid med parnarar.
Faggruppe for berekraft består av klima- og berekraftkoordinator Siri Smith og seniorrådgjevar Knut Vindenes.