Institutt for datateknologi, elektroteknologi og realfag
Institutt for datateknologi, elektroteknologi og realfag har eit sterkt forskingsmiljø og tilbyr utdanningsprogram på bachelor-, master- og ph.d.-nivå.
Instituttet har om lag 1130 studentar og over 120 årsverk. Sentralt i arbeidet vårt er teknologi som er viktig for digitaliseringa av samfunnet og teknologi som mogleggjer det grøne skiftet.
Instituttet tilbyr utdanningsprogram i Førde, Bergen og Haugesund.
Vi har til saman 6 studieprogram innan datateknologi og elektroteknologi. I tillegg leverer vi undervisning i matematikk, statistikk og fysikk til heile fakultetet,
Instituttet har fleire sterke forskingsgrupper innan programvareutvikling, robotikk, kunstig intelligens, grafikk og brukarinteraksjon og sensornettverk. Fleire av desse miljøa har hevda seg svært godt innan sine område, og deltek i store forskingsprosjekt med både nasjonale og internasjonale partnarar.
Vi har også viktige faggrupper innan elkraft og elektronikk som samarbeider med næringslivet i regionen og leverer kompetanse og utdannar kandidatar som er svært etterspurte i arbeidsmarknaden.