Årbok 2024
Her kan du laste ned posterpresentasjoner av oppgavene til avgangsstudentene våren 2024.
Handelshøgskulen HVL er eit stort fagmiljø på Vestlandet innan økonomisk-administrativ utdanning men rundt 2000 studentar og 100 tilsette (årsverk). Vi har studiestader i Bergen, Haugesund og Sogndal.
Tilbakemeldingar fortel at kandidatane våre får ei solid og relevant utdanning hos oss. Dei er attraktive for arbeid i privat næringsliv, offentleg sektor og andre organisasjonar. Den innovative og refleksive kompetansen studentane har tileigna seg undervegs i studietida, rustar dei for livslang læring og vidare masterstudium i inn- og utland.
Undervegs i utdanningsløpet får studentane kjennskap til Handelshøgskulen HVL sitt mangfaldige forskings- og utviklingsarbeid, slik at dei har brei og oppdatert kunnskap om relevante teoriar og metodar. Denne kunnskapen vil dei kunne nytte på praktiske problemstillingar som dei møter i samfunns-, arbeids- og næringsliv.
Under kan de laste ned posterpresentasjoane til avgangsstudentane 2024 Her kan de få eit lite innblikk i arbeidet som studentane har lagt ned bachleor- og masterprosjekta sine:
- Bachelor i økonomi og administrasjon, campus Bergen (pdf)
- Bachelor i økonomi og administrasjon, campus Haugesund (pdf)
- Master i innovasjon og ledelse, campus Bergen (pdf)
- Master of Science of Business, campus Bergen (pdf)