Forskings- og innovasjonsutvalet

Forskings- og innovasjonsutvalet ved Fakutet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap skal gje råd til dekan og fakultetsleiinga.

Mandat

FI-utvalet skal bidra til at fakultetet har ein heilskapleg strategi innan forsking, utvikling og innovasjon. Vidare skal utvalet bidra til at fakultetet har høg kvalitet i forsking- og innovasjonsarbeidet, og ein samfunnsrelevant portefølje av forsknings- og innovasjonsprosjekt som reflekterer fakultetet sin faglege profil og eigenart.

FI-utvalet skal gje råd til dekan og fakultetsleiinga i saker som gjeld:

  • forskingsstrategi ved fakultetet
  • prinsipp og retningsliner for bruk og fordeling av strategiske midlar innan FoU-området på fakultetet
  • fordeling av rekrutteringsstillingar på fakultetet i tråd med utviklinga innan FoU og utdanning
  • ivaretaking av gjeldende prinsipp for tildeling av FoU-tid
  • organisering og oppfølging av forskingsgruppene ved fakultetet og tiltak for å utvikle forskingsgrupper og forskingsmiljø, særleg på tvers av institutt og campus
  • tiltak for å styrke rekruttering og gjennomføring i doktorgradsstudium
  • tiltak som kan auke aktiviteten og kvaliteten på forskingsarbeidet ved fakultetet og styrke eksternfinansiert forsking.
  • tiltak som kan auke forskingskompetansen til dei fagtilsette ved fakultetet
  • tiltak som kan bidra auka mangfald blant fagtilsette involvert i forsking
  • tiltak for å styrke forskingsbasert undervising og studentdeltaking i forsking
  • tiltak for å styrke det forskingsbaserte innovasjonsarbeidet ved fakultetet
  • tiltak for å styrke den eksterne samhandlinga med arbeids- og næringsliv
  • tiltak for å styrke den internasjonale dimensjonen i forskingsaktivitetane ved fakultetet
  • arbeidet i HVL sitt sentrale FI-utval

Samansetning

  • 7 fagtilsette representantar (1 frå kvart institutt, dei to største institutta får 2 medlemmer.
  • 1 ekstern representant
  • 3 stipendiatrepresentantar (1 frå kvart program).
  • Prodekan for forsking (leier av utvalet)
  • Prodekan for innovasjon og regional utvikling (nestleiar av utvalet)
  • Representant for forskingsadministrasjonen ved fakultetet er sekretær for utvalet.

Funksjonstid

Fagtilsette sit i ein periode på 4 år, stipendiatrepresentant og ekstern representant i 2 år.

Møtefrekvens

Det vil normalt vere to møter per semester. Det første møtet i kvart haustsemester bør om mogleg vere eit fysisk møte.

Medlemmer

Leiar

Prodekan for forsking Stig Erik Jakobsen

Nestleiar

Prodekan for innovasjon og regional utvikling Øyvind Midtbø Berge

UF-tilsette

Ole Andreas Brekke (HVL Handelshøgskulen)
Yngve Skjærseth Nilsen (HVL Handelshøgskulen)
Carina Bringedal (Institutt for datateknologi, elektroteknologi og realfag)
Marcin Fojcik (Institutt for datateknologi, elektroteknologi og realfag)
Anne-Camilla Diesen Hosfeld (Institutt for sikkerhet, kjemi- og bioingeniørfag)
Inger Auestad (Institutt for bygg, miljø- og naturvitskap)
Boris Balakin (Institutt for maskin- og maritime studium)

Stipendiatar

Frida Olsen Engedahl
Naser Kazemi Eilaki

Ekstern representant

Roger Normann (NORCE)

Administrasjon

Bente Hoddevik Ulvestad (seniorrådgiver forskning og utvalssekretær)

Varamedlemmer

Natalia Mæhle
Rogardt Heldal
Vidar Frette
Jacob Clement Yde