Stortrivast med fysisk aktiv læring

-Å bruke ein metode der elevane kan leike og vere fysisk aktive også i dei teoretiske faga, er ei stor glede

Bente Sørgjerd er spesialpedagog og jobbar ved Kvernevik skole i Stavanger. Ho er veldig glad for å ha gjennomført vidareutdanninga i fysisk aktiv læring.

- Å ivareta barna sine behov for rørsle er utruleg viktig. Derfor er det så fint å sjå at eg treff fleire elevar når undervisninga blir variert på denne måten, seier ho.

Å lære i bevegelse

Sørgjerd fortel at tredjeklasse som ho underviser, i større grad no har byrja å bruke uteområda på skulen, også i fag som norsk, engelsk og matematikk. Ein av elevane, Storm, er glad for desse timane.

- Alt er gøy så lenge eg kan lære medan eg beveger meg, fortel åtteåringen.

Ein sentral del av utdanninga i fysisk aktiv læring er å reflektere over læraren si eiga rolle. Ifølgje Sørgjerd har dette gjort henne til ein flinkare pedagog enn ho var før.

- Dette har heilt klart gjort at eg ser på mi eiga undervisning med nye briller. I tillegg har det gitt meg eit nærare forhold til elevane ved at eg har oppdaga nye styrker hos enkeltelevar som eg ikkje var så merksam på tidlegare, seier ho.

Nettsak_Kvernevik_Bente+elevar.jpg

-Det er ei god kjensle som pedagog at elevane har det gøy i timane samtidig som dei lærer - Bente Sørgjerd. Foto: Studio Hjelm

- Positivt for heile skulen

Ved Kvernevik skole er det til saman ti tilsette som har tatt del i vidareutdanninga i fysisk aktiv læring. Ifølgje rektor Lene M. Bredesen har dette vore positivt for heile skulen.

- Noko av det beste med fysisk aktiv læring er at det er tett kopla på dei grunnleggande temaa i Fagfornyelsen, som aktiv elevmedverknad, medborgarskap, folkehelse og livsmeistring. Det betyr at vi lett kan vise kvifor vi ønsker at dette skal vere eit satsingsområde på skulen vår framover, seier Bredesen.

-Vi hadde allereie positive erfaringar med å bruke fysisk aktiv læring ved vår skule og ønska å utvikle dette vidare, fortel rektor Lene M. Bredesen. Foto: Studio Hjelm