Universitetet på Vestlandet

Universitetet på Vestlandet tar med seg det beste frå høgskule-tradisjonen.

Universitet på Vestlandet vil utvikla og ta med seg det beste frå høgskuletradisjonen – i Bergen, i Førde, i Haugsund, i Sogndal og på Stord.

Vi skal vere tett på samfunns- og arbeidsliv og bli eit engasjert og inkluderande universitet som legg vekt på det praksisnære og på anvendt forsking. Vi vil tilby utdanning, forsking og formidling av kunnskap for å bidra til ei berekraftig samfunnsutvikling.

Vår overgang til eit fullverdig universitet vil styrkje Vestlandet som region. Dette oppnår vi gjennom å utdanne endå meir kompetente studentar, og ved å utføre forsking som er tett knytt til samfunns- og arbeidslivet.

For å nå dette målet har vi dei siste åra bygd sterke fagmiljø med samansett kompetanseprofil. Vi har skapt god samanheng mellom utdanning, forsking og arbeidsliv, vi samarbeider meir internasjonalt og vi har jobba med å styrke alle dei fem studiestadane.

Universitetsprosjektet ved HVL samlar og kartlegg informasjon om korleis vi ligg an i forhold til krava for å bli universitet, og gir råd til høgskuleleiinga om behov for tiltak. Prosjektgruppa skriv i tillegg sjølve universitetssøknaden. 

Aktueltsaker