Læringsmiljøutvalet (LMU)
Læringsmiljøet er dei høva som verkar inn på studentane sine mogelegheiter til å tileigne seg kunnskap, og som er av betydning for studentane si fysiske og psykososiale helse. Ved HVL er universell utforming det bærande prinsipp for utforming av læringsmiljøet; å inkludere alle i dei ordinære løysningane så lang det lar seg gjere, og å sikre eit best mogleg læringsmiljø for studentar med særskilte behov og funksjonsnedsettingar.
Læringsmiljøutvalet skal bidra til at § 10-1 i UH- loven blir fylgt, og sikre at studentane kan medverke i prosessane som gjelder heile læringsmiljøet:
- Fysiske læringsmiljø: omhandlar utforming og bruk av bygg og fysiske omgjevnader som skal danne grunnlag for god læringsaktivitet og læringsmiljø for alle studentar.
- Digitale læringsmiljø: omhandlar bruk av teknologi i læring og undervisning. Dette kan vidare koplast mot digitale læringsressursar og informasjonsplattformar.
- Organisatoriske læringsmiljø: omhandlar system for tilbakemelding og medverknad. Kvalitetssystem og Sei-ifrå systemet er døme på dette.
- Pedagogiske læringsmiljø: omhandlar form, innhald og rammer for pedagogisk aktivitet som påverkar studentane si læring.
- Psykososiale læringsmiljø: omhandlar mellommenneskelege forhold. Dette har noko å seie for kjensla av tilhøyrsle, trivsel og samhandling mellom studentar, og mellom student og tilsett.
Har du tilbakemelding som går på læringsmiljøet ditt? Sei ifrå!
Medlemmar av Læringsmiljøutvalet
Leiar
Oda Nordaas Solheim, Studenttinget på Vestlandet (STVL)
Studentmedlemmar
- Linn Karin Østgulen
- Josefine Franck-Ring
- Otto Thorbjørnsen
- Sander Skogøy Håland
Tilsettmedlemmar
- Kristine Selvikvåg Lundervold, fagtilsett innan undervisning med pedagogisk kompetanse
- Mildrid Dahlberg, tilsett med kompetanse innan området tilrettelegging
- Robert Isaksen, leiar for avdeling for undervisning og læring
- Endre Laastad, avdelingsleiar for arealforvaltning, drift og utvikling
- Anne-Grethe Naustdal, prorektor for utdanning
Varamedlemmar
- Øystein Abrahamsen, vara for Kristine Selvikvåg Lundervold
- Stine Caroline Grimsgaard Wærenskjold, vara for Mildrid Dahlberg
- Maia Vatlestad, vara for Robert Isaksen
- Karl Henrik Svensson, vara for Endre Laastad
- Liliya Novosad, vara for student
- Ayale Ahmed Ismail, vara for student
Observatørar
- Thomas Mikkelsen, Eining for læringsmiljø og læringsstøtte
- Kari Elisabeth Rimbereid, vara for Thomas Mikkelsen
- Maia Vatlestad, Avdeling for utvikling av læring og undervisning
- Turid Bogetvedt Hitland, Bibliotek
- Camilla Wang Pedersen, vara for Turid Bogetvedt Hitland
- Gro Nesheim, Studentsamskipnaden
- Mona Herleiksplass, vara for Gro Nesheim
- Karin Bell, hovudverneombod
- Hilde Kløften Duesund, vara for Karin Bell
- Lene Beate Kjemphol Loy, studentombod
Sekretær
Møteplan for Læringsmiljøutvalet
Hausten 2024
- 3. oktober: Heldagsmøte, campus Sogndal
- 28. november: Digitalt møte, 12.30 – 15.00