Statuttar for HVL sin språkpris
HVL sin språkpris er ein årleg pris som er oppretta for å stimulere og gi anerkjenning til fagmiljø eller enkeltpersonar ved HVL som har gjort ein systematisk innsats for å jobbe med formidling og norsk fagspråk.
Ved tildelinga av prisen skal sterk fagleg formidling og eit godt, klart språk, i tråd med dei språkpolitiske retningslinjene til HVL, vektleggast.
1. HVL sin språkpris blir delt ut til fagmiljø eller enkeltpersonar ved høgskulen som har markert seg når det gjeld formidling på eit godt, norsk fagspråk, og gjerne på nynorsk.
2. Prisen blir tildelt kandidatar som har gjort ein merkbar innsats for å formidle faget eller forskinga si på norsk på ein framifrå måte. Det blir lagt vekt på gjennomslagskraft og synlegheit lokalt/regionalt og eit godt, klart språk. Arbeid for å ta vare på og utvikle fagterminologi innan fagområde som gjerne er prega av engelsk vil også kvalifisere til prisen.
3. Alle tilsette, studentar og formelle høgskule- og studentorgan kan melde inn framlegg til kandidatar. Forslaga må grunngjevast.
4. Språkpolitisk utval oppnemner ein jury som vurderer kandidatane.
5. Prisen er på 25.000 kroner. Prispengane skal brukast til tiltak som kan bidra til vidare godt arbeid med språk og formidling, og prisvinnaren skal informere språkpolitisk utval om kva pengane blir brukt til.
Prisen blir lyst ut, og utdelt, i haustsemesteret.