Arbeids- og kompetanseområde
Eg er utdanna pedagog (Ph.D) og har mine arbeids- og kompetanseområder innan allmenn pedagogikk, didaktikk, praktisk pedagogikk, spesialpedagogikk samt yrkespedagogikk. Eg har grunnutdanning som sjukepleiar og mitt faglege, pedagogiske fundament tar særleg utgangspunkt i mellommenneskjelege aspekt, etikk og livskvalitetsperspektiv i utdanning- og opplæring.
Eg har lang arbeidserfaring frå den videregåande skulen der eg har undervist i både studieforberedande og yrkesforberedande fag. Hovedinteressene mine er barn og unge si likeverd og rettferd til deltaking, danning og demokratisk inkludering, særleg med vekt på sosial ulikskap og forebyggjing av marginalisering.
Innan HVL er arbeidsområda mine knytt til PPU, men eg har óg hatt undervisningsoppgåver innan Master i undervisningsvitenskap, Spesialpedagogikk, Rådgivningstudie samt HMS-studie.
I doktorgradsarbeidet mitt har eg forska i kapabilitetstilnærminga (Capability Approach) og studert ungdom si kapabilitetsutvikling, eller deira reelle føresetnader, moglegheiter og friheit til å utvikle sitt potensial og delta på likeverdige vilkår i utdanning- og yrkesliv og i samfunn og demokrati. Mine forskarsinteresser omhandlar også spørsmål om den rolla yrke og arbeidsliv har eller bør ha i grunnutdanningane, og ungdom sine overgangar frå ungdomsskole til Vgs. og frå utdanning til arbeidsliv.
Underviser i
- Pedagogisk teori
- Didaktikk
- Praktisk pedagogikk
- Kapabilitetstilnærminga
- Yrkesopplæring
- Pedagogisk filosofi
- Kritisk demokratisk danning
Forskar på
- Barn og unge si kapabilitetsutvikling
- Demokrati og danning
- Yrkesopplæring og overgangar mellom utdanning og arbeidsliv
- Utviklingsarbeid i skulen
Forskargrupper
- MDIP501F, Refleksiv profesjonsleiing innan yrkesdidaktisk arbeid, 24/25
- MDIP503, Didaktiske praksisar, 24/25, emneansvarlig
- MGBPE101, Pedagogikk og elevkunnskap, emne 1 - Lærarrolla og elevane si læring og utvikling, 24/25
- MGUPE101, Pedagogikk og elevkunnskap, emne 1 - Lærarrolla og elevane si læring og utvikling, 24/25
- MGUPP501, Profesjonsretta pedagogikk 2, emne 1 - Metode og vitskapsteori i profesjonsretta pedagogikk, 24/25
- MGUSP550, Spesialpedagogikk 2, emne 2 - Masteroppgåve, 24/25
- MGUUV101, Utdanningsval, 24/25
- MPUV505, Utdanningsforsking i praksis, 24/25
- MPUV550A, Spesialpedagogikk - Masteroppgåve, 24/25
Publikasjonar
-
Cooperation on Temporal Logics: Navigation Challenges and Requirements between Teachers and Teacher Education
-
The Capability Approach (CA)-A Promising Foundation for Education and Sustainable Development?
-
Med norsk, matematikk og engelsk mot konspirasjonsteoriar.
-
Kapabilitetstilnærmingen /Capability Approach). Et etisk verdigrunnlag til å ta opp konfliktfylt og kontroversielle tema i klasserommet.
-
Brekkhus, Å. Exploring VET Students Bildung in the Light of the Capability Approach : A Projective Anticipation of Freedom, Self Creation and the ‘Good Life’?