Høgskulelektor

Kristine Fjordheim

Arbeids- og kompetanseområde

Eg er geograf, med variert arbeid innan miljø-, natur- og samfunnsgeografi. Mine interessefelt omfattar: 

  • Kulturlandskap og jordbrukshistorie
  • Vegetasjonshistorie og biogeografi
  • Klima og miljø
  • Ressursar og berekraft
  • Ekskursjonar, feltarbeid, kart og kvalitative metodar
  • Geografididaktikk
Underviser i

Eg underviser i geografi under samfunnsfag på grunnskuleutdanninga, og vidare er eg profesjonsrettleiar på denne utdanninga.

Forskar på

Eg forskar på kulturlandskap. Her ser er på korleis regionale og lokale, og til tider globale samfunns- og naturforhold formar jordbruket over tid, og denne bruken igjen formar landskapet og vegetasjonen. Mitt fokus er knytt til norske utmarksområde gjennom dei siste vel 2000 år.