Barnetrinnelevar sitt forhold til musikk

Prosjekteigar

Høgskulen på Vestlandet

Prosjekttype

Doktorgradsprosjekt

Prosjektperiode

August 2018 - August 2025

Prosjektsamandrag

Med forskingsprosjektet Barnetrinnelevar sitt forhold til musikk undersøker eg barn sine perspektiv på musikk i kvardagen. Eg ønskjer å få kunnskap om kva forhold barn i alderen 8-11 år har til musikk ved å studere deira kvardagslege omgang med musikk både i og utanfor skulen. Eit hovudmål med forskingsprosjektet er å empirisk undersøke kvar og korleis barna brukar musikk, møter musikk, korleis dei sjølve viser og fortel om sitt forhold til musikk. Prosjektet er ein kvalitativ studie av barn sin omgang med og opplevingar av musikk i ulike situasjonar. Ved å observere eit 4.trinn i grunnskulen, samt intervjue nokre av barna i heimane sine, vil eg få kunnskap om deira relasjon til og omgang med musikk, og kva som kjenneteiknar dei musikalske situasjonane dei sjølv opplever som meiningsfulle. 

Den overordna problemstillinga er: Kva forhold har barnetrinnelevar til musikk i kvardagen? 

Studien er posisjonert innanfor posthumanisme og nymaterialisme, med eit særleg fokus på barna sine musikalske intra-aksjonar. 

Metode

Observasjon, intervju, diffractive reading, thinking-with-theory, posthumanisme, nymaterialisme