MULTICARE: Arbeidspakke 1: Rekruttering og integrering av pleiarar med innvandrarbakgrunn i sjukeheim

Prosjekteigar

Høgskulen på Vestlandet, Senter for omsorgsforskning vest

Prosjektperiode

Oktober 2016 - Oktober 2019

Prosjektsamandrag

Multicare er eit forskingsprosjekt om dagens utfordringar, moglegheitar og potensiale for framtida i ein norsk multikulturell kommunal helsesektor. Studien er delt i fire arbeidspakkar.

Arbeidspakke 1 handlar om rekruttering og inkluderande praksisar på sykehjem i rurale og urbane områder, og vil vere basert på intervju med pleiarar i sjukeheim pluss ein survey til leiarar i sjukeheim. Den urbane delen av studien vert gjennomført i ein by på Vestlandet, medan den rurale delen av studien vert gjennomført i Finnmark. Arbeidspakke 1 er godkjend av Norsk samfunnsvitskapleg datateneste (NSD), det er på plass samarbeidskommune og sjukeheim i Finnmark og på Vestlandet. Me ventar på formelt løyve frå Vestlands kommunen.  

Arbeidspakke 1 vert leia av professor i samfunnsvitskap Mai Camilla Munkejordet, UIT/UIB/Uni Research. Dei to andre forskarane i arbeidspakke 1 er fyrsteamanuensis i geografi, Gro Marit Grimsrud, UIB og fyrsteamanuensis Jeanne Boge, HVL. 

Heile MULTICARE studien er finansiert gjennom HelseVel programmet i Noregs forskingsråd. Professor Frode Jacobsen ved Senter for omsorgsforskning Vest, Høgskolen på Vestlandet er leiar for prosjektet som vert gjennomført i nært samarbeid med Senter for omsorgsforskning Øst, Universitetet i Bergen/Uni Research, Universitetet i Tromsø, Universitetet i Stavanger, Universitetssjukehuset i Stavanger og Nederlandsk institutt for helseforskning/Dutch Institute for health research. 

Metode

Intervju med pleiarar i sjukeheim med innvandrarbakgrunn og med innfødde pleiarar.

Survey til leiarar i sjukeheim om utfordringar og mogelegheiter rekruttering og integrering av pleiarar med innvandrarar bakgrunn.