Om oss
SciTalk er eit samarbeid mellom fire universitet i tre ulike land. Det er sett saman av forskarar innanfor både lingvistikk og naturfag, og yrkesutøvarar frå barnehage og skule.
Om logoen
Dei tre vassliljene i logoen symboliserer dei tre landa som samarbeider i dette prosjektet. Dei representerer også dei tre elementa i metoden vi fremjar: kunnskap, haldning til kunnskap og praksis og refleksjon.
Dei tre vakre blomstrane har djupe røter under overflata, og dei er tett knytte til kvarandre gjennom den rhizomatiske måten dei veks på. Kvar av plantene er knytt til dei andre og er dermed avhengig av dei andre for å utvikle eit leveleg miljø.
Håpet vårt er at metoden kan spreie seg til andre dammar enn der det starta.
Mål med prosjektet
- Å fremje ein metode for lærarutdanning om korleis ein kan lære lærarstudentar å gjennomføre kvardagssamtalar om naturvitskaplege emne.
- Å understreke verdien av å føre saman ekspertisen innanfor naturvitskapleg forsking og morsmålsforskarar for å utvikle ein verktøykasse for naturvitskaplege samtalar med unge barn.
- Å presentere ein kortversjon av teoriar om naturvitskaplege ferdigheiter og emne, og om samtaletypar, som til saman gjev oversikt og inspirerer til vidare studiar.
- Å presentere ein læringsressurs som tilbyr praktisk ferdigheitstrening, og som understrekar at det er nødvendig å kombinere desse ferdigheitene med refleksjonar om aktivitetane, både undervegs i dei naturvitskaplege samtalane og etterpå.
For lærarutdannarar
Strukturen i undervisningstiltaka slik dei blei gjennomførte i SciTalk-prosjektet:
Oppsummering av prosjektet
Prosjektet handlar om naturvitskapeleg emne i kvardagssamtalar, eller naturvitskaplege samtalar (SciTalk), blant lærarar under utdanning (som her er definert som alle studentar som utdannar seg til pedagogisk arbeid i barnehage og barneskule i partnarlanda), lærarar og barn (3–9-åringar) i barnehage og barneskule. Lærarar nyttar seg ofte av kvardagssamtalar, og dei er då ofte strukturerte som IRE-samtalar (initiativ, respons, evaluering). Resultatet er at tankane og meiningane til barna stort sett blir oversett. Dermed går lærarane også glipp av kunnskapen og haldningar barna har til kunnskap når det gjeld naturvitskap. For å endre denne kulturen i skulen må ein auke kompetansen i bruk av IRF-samtalar (initiativ, respons, følg opp) hos dei framtidige lærarane. I denne typen utforskande samtalar står meininga til barnet sentralt, og læraren må lytte til barnet for å følgje tankane til barnet. Dette kan vere utfordrande, for barna kan sjå samanhengar i naturvitskapen som er uventa for lærarane, og dei kan stille spørsmål som lærarane ikkje har svaret på. Dei munnlege samtalane i skulen er ein av dei viktigaste delane av læreplanen, særleg hos yngre barn og barn som endå ikkje kan lese. Auka kompetanse og ferdigheiter i IRF-samtalar for komande lærarar vil auke kvaliteten på samtalane i skulen og leggje til rette for eit utdanningssystem som er retta mot yrkeslivet og sosial læring, og som er velfungerande og effektivt.
Etter kvart som sektorar på ulike nivå har blitt med i prosjektet, har ein dekt dei viktigaste typane kompetanse for undervisning av barn. Desse sektorane er høgare utdanning, som både universitet og høgskular, vidaregåande skule, barnehage og barneskule (3–9-åringar).
Prosjektfinansiering
- Prosjektperiode: september 2018 - desember 2021
- Kilde til finansiering: Erasmus+
Deltakarar
Høgskulen på Vestlandet, Norge (prosjekteier):
- Sissel Margrethe Høisæter (prosjektleder)
- Yuko Kamisaka
- Inga Margrethe Fagerbakke
- Hege Myklebust
OsloMet, Norge:
- Margareth Sandvik
- Inger Kristine Jensen
- Charlotte Aksland
- Anne Kristine Byhring
- Cato Tandberg
Phillips Universität Marburg, Tyskland:
- Kati Hannken-Illjes
- Annemarie Verena Fritsche
HZ University of Applied Sciences, Nederland:
- Carlien Nijdam
- Henriëtte op den Brouw
Espira Gruppen AS, Norge:
Bråtveit natur- og kulturbarnehage, Norge:
Prosjektmøte i Glücksberg, november 2021: Bakerste rad frå venstre: Carlien Nijdam, Inger Kristine Jensen, Oda Bjerknes, Sissel Høisæter, Kati Hannken-Illjes, Henriëtte op den Brouw, Cato Tandberg. Første rad frå venstre: Hege Myklebust, Anne Kristine Byhring, Margareth Sandvik, Inga Margrethe Fagerbakke, Yuko Kamisaka.
Ikkje tilstede da bildet ble tatt: Astrid W. Hagen, Charlotte Aksland, Annemarie V. Fritsche.