Utlysing av samarbeidsmidlar for studieåret 2022 - 23
Søknadsfrist 15. juni (forlenget fra 10. juni) 2022.
Føremål med samarbeidsmidlane
- auke aktivt samarbeid mellom fakultet for helse- og sosialvitskap og praksistilbydarane
- betre kvaliteten i praksis og praksisopplæringa
- styrke koplinga mellom utdanning og fagutviklingsprosjekt i praksisfeltet
- utvikle berekraftige forsking- og utviklingsmiljø (FoU) i samarbeid mellom praksisfeltet og fakultet for helse- og sosialvitskap.
Kven kan søkje?
Tilsette ved aktuelle praksisplassar for fakultet for helse- og sosialvitskap i desse helseføretaka og kommunane:
- Helse Fonna
- Helse Førde
- Kommunane i Sogn og Fjordane
- Kommunane i Voss lokalsjukehusområde (Eidfjord, Kvam, Ulvik, Vaksdal, Voss)
- Kommunane i Nordhordland (Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen, Osterøy)
- Kommunane i helse- og sosialtenesta i Bergensområdet (Askøy, Austevoll, Bjørnafjorden, Samnanger, Øygarden)
- Tilsette ved Høgskulen på Vestlandet, fakultet for helse- og sosialvitskap.
Helse Bergen, Bergen kommune og kommunane i Helse Fonna-regionen har andre ordningar for søknad/disponering av samarbeidsmidlane.
Kva tidsperiode?
Midlane kan nyttast det komande studieåret (1. august 2022– 31. juli 2023) - med mogleg forlenging for studieåret 2023-24.
Vilkår for å søkje - begge punkta må vere oppfylt
-
- Det må vere eit samarbeidsprosjekt mellom tilsette i praksisfeltet og tilsette i HVL, fakultet for helse- og sosialvitskap. Både praksisfeltet og høgskulen må vere aktive partar i samarbeidet.
- Det må kome studentane på praksisplassen til nytte
Maksimal søknadssum er kr 200 000. Det er mogleg å søkje støtte til allereie pågåande prosjekt.
Prioriterte område for samarbeidsmidlar i 2022-23 er:
- Utvikling av nye praksismodellar og nye praksisplassar
- Simulering og ferdigheitstrening
- Prosjekt som kan knytast til handtering av auka tal studentar
Søknadsskjema
Elektronisk søknad finn du her
Dokument som skal lastast opp i søknaden:
- Prosjektbeskrivelse
- Budsjett
- Stadfesting frå avdelingsleiar/instituttleiar på at prosjektet er godkjent
Budsjett: Standardsatsen for lønskostnader er 500 kr. per time. Det vert ikkje rekna inn overhead i samarbeidsmidlane/utviklingsmidlane. Det er eit krav at både høgskule og praksisstad deltek i prosjekta.
Søknadane vil bli vurdert i høve til følgjande kriterium:
- Søknaden skal støtte føremålet med samarbeidsmidlane
- Grad av nytteverdi for studentane i praksis
- Prosjektplan er tydeleg og realistisk
- Samanheng med plandokument og prioriteringar hos samarbeidspartane
Søkarar vil få svar på om dei får tildelt samarbeidsmidlar rundt 1. september.
Rapportering og utbetaling
Rapportering vert gjort på eige skjema i etterkant. Lenkje til skjemaet vert tilsendt på e-post. Midlane vert utbetalt etter rapportering.
Kontaktpersonar
Helse Førde og kommunar i Sogn og Fjordane: Marit Solheim, marit.eva.solheim@hvl.no, tlf. 57 67 76 22
Helse Fonna, kommunane i Nordhordland, Bergensområdet og Voss lokalsjukehusområde: Ørjan Kjørstad, orjan.kjerstad@hvl.no, tlf. 55 58 78 35