Utlysing av utviklingsmidlar

Her finn du informasjon om å søke utviklingsmidlar til kombinerte stillingar i perioden 2020-21 og 2021-22, mellom Bergen kommune, VID vitenskapelige høgskole og Høgskulen på Vestlandet.

For perioden 2020/21 og 2021/22 har Samarbeidsmøtet for Bergen kommune og høgskulane i Bergen vedteke at utviklingsmidlar skal nyttast til å finansiere kombinerte stillingar for tilsette innan helse- og sosialfaga ved høgskulane og i kommunen.

Mål med kombinerte stillingar

Kombinerte stillingar skal:

  • Sikre at studentane opplev samanheng mellom teori og praksis.
  • Auke kompetanseutveksling og fagleg kvalitetsheving for begge partar.
  • Styrke relevansen i utdanningane.
  • Styrke samarbeidet om studentane sin kliniske praksis.
  • Skape meirverdi utover det utdanningsinstitusjonane og kommunen bidreg med i dag.

Nytt av året er at prosjekt må knytast opp mot aktuelle fokusområde eller tema. Sjå meir om dette i kriteria. 

Søkekriterium

Søknadar for perioden studieåra 2020/21 - 2021/22 vert vurderte etter desse kriteria:

1. Eit eller fleire fokusområde

Kombinerte stillingar skal vere knytt til eit eller fleire aktuelle fokusområde, til dømes:

  • nye løysingar for praksisstudiar for implementering av nasjonale retningslinjer for helse- og sosialfagutdanningar (RETHOS)
  • tverrprofesjonelt samarbeid
  • innovasjon i offentleg sektor
  • arbeidsinkludering og mangfald
  • forbetringsarbeid/forbetringsmetodikk
  • simulering
  • omsorgsteknologi
  • digitalisering, for eksempel knytt til dokumentasjon og elektronisk meldingsutveksling

2. Aktuelle kandidatar

Aktuelle kandidatar til stillingane er namngjevne fast tilsette medarbeidarar ved Høgskulen på Vestlandet (nærregion Bergen), VID vitenskapelige høgskole (campus Bergen) og Bergen kommune (BHO og BSBI) innan følgande fag, primært på bachelornivå:

  • ergoterapi
  • fysioterapi
  • sjukepleie
  • sosialt arbeid
  • vernepleie

3. Tydeleg leiarforankring

Tydeleg leiarforankring i begge organisasjonar er nødvendig. Søknaden må utarbeidast i fellesskap mellom fagmiljøa eller einingane på høgskule eller kommune som skal samarbeide om dei kombinerte stillingane.

Det er dei respektive leiarar som skal stå som ansvarleg for søknaden om midlar til stillinga. Leiarane vil ha ansvar for å følgje opp kandidatane og prosjektet.

4. Studentanes læring og involvering

Studentars læring og studentinvolvering må vere sentralt, med særleg vekt på bachelorstudentar.

5. Overordna målsetting for kombinerte stillingar

Dei kombinerte stillingane skal nyttast til arbeid som kan bidra til å oppnå overordna målsetting. Sjå gjerne Helsebiblioteket sin modell for kvalitetsforbedring

Innhald i søknaden

Søknaden skal innehalde:

  • skildring av målsetting
  • plan for gjennomføring, inkludert tiltak, arbeidsoppgåver, arbeidsmåte, framdriftsplan og forankring undervegs
  • plan for evaluering (måling av endring)
  • tankar om vidareføring etter prosjektperioden

I søknaden må det greiast ut på kva måte den kombinerte stillinga støttar opp under overordna målsetting. Det må kome tydeleg fram kva ein vil oppnå med stillinga. Søknaden må vere realistisk og mogleg å gjennomføre.

Søknadar vert vurdert ut frå kvalitet, fagmiljøa sin storleik, tal på studentar og overføringsverdi.

Det vert og lagt vekt på ei rimeleg fordeling mellom høgskulane, tverrfagleg samarbeid, studentinvolvering og at prosjektet er gjennomførbart.

Dette kan du søke om

Kombinert stilling: som hovudregel skal 20% av fast stilling bli kjøpt fri frå tildelte midlar slik at delar av noverande stilling kan frigjerast til oppgåver skildra i søknaden. Heile tilsettingsforholdet vil vere hos hovudarbeidsgjevar. Frikjøp skal dekke reell lønn inkludert sosiale kostnadar til frikjøp i 20 % stilling i perioden 15.08.20 - 15.06.22. Noverande løn vert lagt til grunn.

I same søknad skal det søkast om to 20% stillingar: for ein kandidat frå kommune og ein frå høgskule som skal jobbe saman i par for å oppnå målsettinga.

Sakshandsaming

Søknadsskjema skal nyttast. For at søknadar skal bli vurdert, må det føreligge skriftleg anbefaling frå instituttleiar eller resultateiningsleiar.

Ei arbeidsgruppe med representantar frå Bergen kommune og høgskulane gjennomgår søknadane og legg dei fram for Samarbeidsmøtet som fattar endeleg vedtak om tildeling.

Det er krav om rapportering av resultat, aktivitet og rekneskap etter ett år, og ved avslutning.

Tilsette som får tildelt midlar til kombinert stilling må delta på felles samlingar som vert arrangert.

 


Søknadsfrist

Søknadsfristen er 8. februar 2020

Her finn du søknadsskjema