Sei ifrå om bygg, rom og inneklima
Servicetorget kan hjelpe deg med å seie ifrå om forhold knytt til bygg, rom og inneklima på HVL.
For å seie ifrå om forhold knytt til bygg, rom og inneklima ved HVL, må du ta kontakt med servicetorget. Sei Ifrå-meldinga bør vere så detaljert som mogleg, slik at den vert lettast mogleg å følgje opp. Ta med kva campus saka di gjeld, kor på campus, romnummer og liknande.
Servicetorget er tilgjengeleg for deg gjennom sentralbord, e-post og i skranken på kvar campus. Dei vil melde saka di vidare til driftsavdelinga, som tek stilling til din tilbakemelding og løyser han om mogleg.