Device monitor
Informasjon om Device monitor til bruk på digital skuleeksamen der ein nyttar spesiell programvare eller hjelpemiddel.
Før eksamen
For å gjennomføre eksamen, må du installere og starte WISEflow Device Monitor. Device monitor tar skjermbilete på tilfeldige tidspunkt under eksamen og sluttar automatisk å ta bilete når du leverer eksamen eller eksamenstida er ute. Device Monitor må vere på under heile eksamen. Lukk alle program du ikkje skal bruke under eksamen før du startar.
I eksamenen din finn du knapp for nedlasting, installasjon, start av program og status etter oppstart. Når den er i gang får du sjå eksamensoppgåva og kan levere eksamen.
Statusforklaring:
Etter innlevering
Etter at eksamen er over kan du sjå dei bileta som blei tatt under eksamen. Det er berre du og administrator som har tilgang på disse. Sensor vil ikkje sjå skjermbilda, berre ditt eksamenssvar. Ved mistanke om fusk vil Eining for eksamen gå igjennom bileta.
Sjå meir informasjon om Device monitor