Krav til utstyr ved digital skuleeksamen

Til eksamen med bruk av FLOWlock-nettlesar (ingen hjelpemiddel).

Ved skriftleg skuleeksamen som er basert på bruk av eiga berbar datamaskin, er studenten sjølve ansvarlege for eige utstyr og for å ha lasta ned nødvendig programvare for å kunne gjennomføre eksamen før du møter i eksamenslokalet, jf. Forskrift om studium og eksamen.

Kva typar maskiner kan brukast?

Du skal ha med eiga bærbar datamaskin (pc eller Mac) på eksamensdagen. OBS! Chromebook støttar ikkje WISEflow  i låst versjon (med bruk av FLOWlock-nettlesar) og det er heller ikkje lov med nettbrett. Du kan ta med eiga mus eller tastatur om du vil. Du kan også bruke enkle teiknebrett (utan display), men du må sjølv sjekke om det fungerer saman med FLOWlock-nettlesaren.

Du må ta med eigen ladar til pc-en/Macen din. 

Du kan kontakte IT-hjelpa og få hjelp til å sjekke at maskina di fungerer som den skal. 

FLOWlock-nettlesar

Før digital skuleeksamen må du ha lasta ned FLOWlock-nettlesaren. Dette gjeld skriftleg skuleeksamen (FLOWlock) og «multiple-choice»-eksamen (FLOWmulti).

Minimumskrav til FLOWlock-nettlesar, Windows

  • Windows 10 eller nyare (Merk: Windows 10S/11 S Mode kan ikkje nyttast)
  • Siste versjon av Google Chrome, Mozilla Firefox eller Internet Edge

Minimumskrav til FLOWlock-nettlesar, Mac

Linux og Chromebook er ikkje kompatibelt med FLOWlock- nettlesar. 

Slik lastar du ned FLOWlock

For å kunne starte FLOWlock-nettlesaren frå WISEflow, er det nødvendig at du første gong aksepterer at FLOWlock-nettlesaren kan startast med ein «ekstern protokoll». Du kan huke av at du alltid vil akseptere dette, slik at du ikkje blir spurd kvar gong FLOWlock blir starta.

Lån av pc

Studentar i Bergen

Studentar skal disponere eigen berbar datamaskin til eksamen, jf, forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet

Unntaksvis kan studentar låne datamaskin til eksamen dersom dei har behov for det. På eksamensdagen tar du kontakt med ein av eksamensvaktene og får utlevert PC i eksamenslokalet. 

Høgskulen tar forbehold om at vi kan låne ut så lenge lageret rekk. 

Studentar i Førde

Studentar skal disponere eigen berbar datamaskin til eksamen, jf, forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet

Unntaksvis kan studentar låne maskin til eksamen dersom dei har behov for det. Meld frå til eksamen@hvl.no i forkant av eksamen dersom du veit at du kjem til å ha behov for å låne PC. Merk eposten "Låne PC, Campus Førde".

Høgskulen tar forbehold om at vi kan låne ut så lenge lageret rekk. 

Studentar i Haugesund

Studentar skal disponere eigen berbar datamaskin til eksamen, jf, forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet

Unntaksvis kan studentar låne maskin til eksamen dersom dei har behov for det. Meld frå til eksamen@hvl.no i forkant av eksamen dersom du veit at du kjem til å ha behov for å låne PC. Merk eposten "Låne PC, Campus Haugesund". Du kan også ta kontakt med Servicetorget i forkant av eksamen. 

Høgskulen tar forbehold om at vi kan låne ut så lenge lageret rekk. 

Studentar i Sogndal

Studentar skal disponere eigen berbar datamaskin til eksamen, jf, forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet

Dersom du ikkje har eigen PC eller Mac som tilfredstiller krava, kan du låne PC av HVL, campus Sogndal. Du søker ved å sende e-post til servicetorget.sogndal@hvl.no så tidleg som mogleg, og ikkje seinare enn sju dagar før eksamen. E-posten skal innehalde emnekode, dato for eksamen, namn og studentnummer. Du vil då få svar på e-post frå Servicetorget om det er ledige PC'ar. 

Dersom du får låne pc, må du møte opp i Servicetorget om morgonen før eksamen. Du signerer då ut ein pc, og er sjølv ansvarleg for at det blir registrert at du har levert den tilbake same dag.

Studentar på Stord

Studentar skal disponere eigen berbar datamaskin til eksamen, jf, forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet

Unntaksvis kan studentar låne maskin til eksamen dersom dei har behov for det. Meld frå til eksamen@hvl.no i forkant av eksamen dersom du veit at du kjem til å ha behov for å låne PC. Merk eposten "Låne PC, Campus Stord".

Høgskulen tar forbehold om at vi kan låne ut så lenge lageret rekk.