Eksamensresultat

Sensuren er klar tre veker etter eksamen. For masteroppgåver er sensuren klar seinast 6 veker etter innlevering. Dersom sensurfristen fell på ein annan dag enn kvardag, blir sensurfristen forlengd til næraste kvardag.

Du finn resultata dine i Studentweb under «Resultat».

Sensur blir publisert fortløpande så snart sensor(ane) registrerer sensur. Merk difor at sensur kan bli tilgjengeleg på ulike tidspunkt på same emne. 

Informasjon om grunngjeving og klage på eksamen. 

Vurderingsuttrykket er bestått/ikkje bestått vurdering eller gradert karakter frå A til E for bestått vurdering og F for ikkje bestått vurdering. Universitets- og høgskolerådet sine kvalitative forklaringar gjeld for dei ulike karaktertrinna.

Sjå den graderte bokstavkarakterskalaen vi brukar og Universitets- og høgskolerådet sine retningslinjer for vurderingsuttrykket bestått/ikkje bestått. Bestått resultat med ugradert vurderingsuttrykk vil seie at studenten har nådd læringsutbytet i emnet.

Informasjon om kva vurderingsuttrykk som gjeld for eksamen i dine emne finn du i emneplanen.

Karakterkalkulator

Om emnet ditt har fleire deleksamenar, kan du rekne ut kva totalkarakter du vil få i emnet, ved å fylle inn karakterane frå deleksamenane i karakterkalkulatoren. Du må vite kva vekting dei ulike deleksamenane har. Ofte har eit emne to deleksamenar der kvar del tel 50 % av totalkarakteren, men fordelinga kan og vere ei anna. Det kan og vere meir enn to deleksamenar. Sjekk emnesida til ditt emne for å finne ut kva vekting dei ulike deleksamenane har i ditt emne.

Alle deleksamenar må vere bestått for at du skal få bestått emnet.